Sommerisen

Årets sommeris periode i Vikingskipet, Hamar, er overstått. I perioden 31.7 – 15.8 har det vore is i «skipet» til glede for store og små. Sommerisen blir avslutta med løp. Sindre og Vilde representerte DIL i denne perioden. På det avsluttande løpet blei DIL representert av Vilde. Vilde gjorde sine saker bra. Ho stilte til start på 500 og 1000 m. På 500 m gjekk ho like godt inn til ny personleg rekord på tida 42,02 (gml. pers. 42.22). 1000 m gjekk unna på 1.26,23. Ein god start på årets sesong.
Resultater:
https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=24022

Tempo

Minner om tempo på sykkel onsdag 21. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00.Alle klasser.Distanser: 5,10 og 20 km.Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.

Klubbmeisterskapet 2021

I eit fint sommarvêr blei årets klubbmeisterskap avvikla. 21 stk. stilte til start. Det var veldig moro at så mange kunne møte. Det gjør alt mykje meir moro når alle har noen å konkurrere med. Prologen blei som vanleg ein tett og tung affære. Sindre blei den raskaste med tida 2.25 min.. Av jentene var det Vilde som var raskast med tida 2.58 min.. Ca. 30 min. etter at siste utøvar hadde kome i mål var det tid for fellesstart. Sindre var klar favoritt, noe han innfridde. Det var tydeleg når starten gjekk at han sykla for løyperekord, for han sette god fart på feltet frå start. Det viste seg å halde stikk. Når målstreken var passert viste tida 54.18 min., 4 s raskare enn den gamle bestenoteringa. Ingvild Brattekleiv blei best av jentene med 57.28, medan Vilde kom inn på 61,10 min.. Dermed blei Ingvild best av jentene samanlagt. Men like imponerande var utøvarane som kom inn etterkvart etter å ha konkurrert mot seg sjølv, klokka eller andre deltakarar.
Etter løp blei det servert mat og drikke, og dei yngste fekk premie.
Takk til alle deltakarar og funksjonærar for eit vellykka arrangement.

Trykk på bileta for å få dei i ok størrelse.

Klubbmeisterskap på sykkel

Det vil bli arrangert klubbmeisterskap på sykkel laurdag 10. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 13.00.
Påmelding innan onsdag 7. juli til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller mobil: 975 26 722.
Klubbmeisterskapet består av prolog Dølehall – Eppelandskrysset
(ca. 1,5 km), deretter fellesstart Mykland rundt (ca. 38 km). Bonussekund fellesstart 10-5-3-2-1 sekund til nr. 1 til 5.
Alle klasser (dei yngste sykler bare prologen)
Det vil bli litt å bite i etter løpet.
Håper mange stiller enten som utøvar eller som tilskodar.

Fellesstart 2019
Dei yngre kan også med.
Det blir mat og sosialt etter løpet.

Forfølgingsritt Mykland Rundt

Torsdag 24.6 blei årets forfølgingsritt rundt med Mykland arrangert for 5. gong. Dette er eit ritt som er basert på avstanden mellom løparane basert på 10/20 km tempotid muliplisert med 4/2.
13 stk. stilte til start denne varme sommerkvelden. Det blei eit, som vanleg eit hardt ritt. Litt motvind store deler av løypa gjorde det ikkje betre. Thea Baas var fyrst ut i løypa, og Sindre Baas sist. Det blei som vanleg litt taktikk og mykje hard sykling. Men til slutt var det Tor Inge Nilsen som stakk av med seieren i årets forfølgingsritt.

Treningstempo 10.6

Torsdag 10. juni blei den andre treningstempoen på sykkel avvikla. Været var varmt og godt, med ein liten bris. Det var ikkje så mange som møtte denne gonga, men god innsats og tider på dei som sykla. Det er verdt å nemne Ole Christian Myrmel, KCK, som var best på 20 km, og senka rekorden sin til 25.42 min., noe som bringer han inn på 5. beste tid på statistikken. På 10 km var Tom Helge Pedersen raskast med 14.00, men her var det Vilde Baas som «pynta» mest på persen sin med 15.52. Pers med 25 s. og fyrste gong under 16 min.
Neste løp blir «Forfølgelsesrittet» rundt med Mykland (ca. 38 km.) 23. juni kl. 18.00. Eit ritt basert på siste tida som er sykla på tempo.

Treningsritt i regi av DIL

Dølemo IL vil arrangere følgende ritt:
Torsdag 10.juni: Treningsløp tempo – 18.00
Onsdag 23.juni: Forfølgelsesritt Mykland rundt – 18.00
Onsdag 30.juni: Treningsløp tempo – 18.00
Lørdag 10.juli: Klubbmesterskap (Prolog og 38 km fellesstart) -13.00
Onsdag 21. juli: Treningsløp tempo – 18.00
Onsdag 18. aug: Treningsløp tempo – 18.00

Birkenesrunden

Sundag 6.6 blei Birkenesrunden arrangert i regi av sykkelgruppa i Birkenes idrettslag. Nydelig vær laga ei fin ramme rundt det fyrste turrittet på lenge. 9 ryttarar representerte Dølemo IL. Best av alle blei veteranen Bjørn Notto Eppeland som imponerte med ein fin, fin 10. plass. Ein anna som imponerte var Nils Runar Blandkjenn som debuterte i landevegsritt med ein 17. plass. Dølemo IL hadde også 2 jenter på startstreken. Vilde begynner å finne formen igjen, noe ho viste med aktiv og god sykling. Thea er for ung til å starte med tidtaking, men gjennomførte på fint vis i trimgruppa. Thea var også så heldig å vinne hovudpremien som var ein sykkel.
Oppsummert var det mykje bra sykling frå Dølemo ryttarane.
Takk til Birkenes for eit vel gjennomført turritt.
Resultater: https://live.eqtiming.com/55696#result

Treningstempo 20.5

Fyrste tempo på Dølemo i 2021 blei arrangert torsdag 20.5. Med tanke på den korte varslinga av tempo treninga var oppmøtet greit. Litt vind skapte litt tunge forhold, men likevel blei der sykla respektable tider. Bjørn Notto fekk bestetid med 14.16 (1 sekund raskare enn sesongåpninga i fjor). Raskaste syklist på 20 km blei Ole Christian Myrmel som sette ny personleg rekord med 26.36 (gml. pers.: 27.20) Moro var det også at syklistar i yngre årsklasser prøvde seg.

Nye treningsdressar

Dølemo idrettslag vil med dette gi medlemmane i laget eit tilbod på treningsdresser. Dette er kvalitetsdresser frå Trimtex. Ordinær pris er 1898 kr pr. dress. Dølemo IL vil selje desse til medlemmane for 950 kr pr. dress for vaksne og 850 kr for junior (selges også i separate delar). DIL v/Eivind Baas tar imot bestilling.Trimtex har størrelsesguide på sine sider, men har også liggjande prøveeksemplar i str. XL – L – S – junior str. hos Eivind Baas. Desse er det bare å komme å prøve. Send gjerne melding for å avtale tid.Bestilling må vere gjort innan 14.4.

Medlemskontingent

Det har tatt litt tid å få sendt ut medlemskontingent. Dette skyldast at det ikkje har vore mulig før nå å sende ut familiekontingent på «Minidrett». Men nå skal det ligge eit betalingskrav i «Minidrett».
Familie: 100 kr
Person: 50 kr
Gå til: https://itinfo.nif.no/Min_idrett_brukerveiledning#Bekreft_og_betal for å lære mer om betaling gjennom Min idrett, eller gå direkte til Min idrett https://mi.nif.no/ og logg inn som ny brukar om du ikkje allerede har.

Klubbløp på skøyter

Med det været som er nå kan det virke som en evighet siden det siste klubbløpet på skøyter ble arrangert. Men det er ikke lenger siden enn tirsdag 16. februar. I et skikkelig vintervær med snø og vind ble 100, 300 og 500 m avvikla. Til tross for at været nok ikke spilte helt på samme lag som arrangøren, virket de som at de som deltok var innstilt på å ha det moro. Og med den innstillingen blir det som oftest bra. Noe det ble denne kvelden også. Rundt 20 stk. stilte til start, noe som er bra en tirsdags kveld.
Takk til alle som stilte som funksjonær, deltaker og/eller publikum.
Resultater: https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=23752
Her er litt bilder fra kvelden:

Klubbtøy sykkel

Det ble kjøpt nytt sykkeltøy til 2021 sesongen. For at flest mulig skulle ha muligheten til å skaffe seg nytt draktsett, bestemte DIL at laget kunne sponse et draktsett pr. utøver. For å få denne støtten må der sendes regning m/kvitt. på tøyet til kasserer Gro Anita Eidet Baas mail: eidetbaas@gmail.com
Er der spm. så ta kontakt med Eivind Baas, mob.: 950 27 405.