Eivind er nominert til Årets ildsjel på idrettsgallaen 6. november. Stemmingen varer til 3. november.
https://www.agderposten.no/sport/kan-bli-arets-ildsjel-eivind-er-lederen-som-setter-bygda-foran-seg-selv/
Trening
Tysdag 27. oktober kl. 18.00 starter trim/akt./trening inne på Dølehall for 4. kl. og eldre opp igjen.
Velkomne skal dykk vere.
Bading
Kvar onsdag frå og med 20. oktober frå kl. 17.30 til 19.00 er det mulighet for medlemmar i DIL å bade i Åmli symjebasseng. Barn må ha med seg ein vaksen. For meir info., kontakt Ann Karla Kristiansen.
NC 1


Noregscup 1 på skøyter er unnagjort. Sindre og Vilde Baas stilte til start for Dølemo IL, på distansane 500 og 1000 m på laurdag og 500 og 1000 for Vilde, og 1500 for Sindre på sundag. Vilde er fortsatt i framgang etter kneskade, og slo til med pers. på 500 m med 41.78 (gml. pers. 42,02). På 1000 m blei det årsbeste med 1.24,68. Sindre som også har vore plaga med skader, fekk til ein god 500 m på 36,95. 1000 m stod ikkje heilt i stil med 500 m, men det blei likevel 1.13,74. På sundag fekk Vilde 41,93 og 1.25,94, medan Sindre fekk 1.53,78 på sin 1500 m.
Ein oppløftande sesongstart. Om 14 dagar er det NC 2 på Hamar. Satser på at det blir endå eit steg i riktig retning der.
Resultater: https://speedskatingresults.com/
Tempo 18.8
11 stk. tok seg tid denne onsdags kvelden til å teste ut formen sin på sykkel. Motvind opp, og god medvind tilbake gjorde det litt vanskelig, men resultatene viste at deltakarane beherska forholda bra. Det må nemnast at det blei ny løyperekord på 20 km av Ane Iversen med tida 27.22 min..
Dette var den siste «teminfesta» tempoen i regi av DIL for denne sesongen. Kan hende vi likevel tar ein tempo i september viss været og lysta til løp er bra. Blir i så fall kunngjort på facebook.
Tempo
Minner om tempo på sykkel onsdag 18. august med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00. Alle klasser. Distanser: 5,10 og 20 km. Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.
Tempo
Minner om tempo på sykkel onsdag 18. august med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00. Alle klasser. Distanser: 5,10 og 20 km.
Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.
Sommerisen
Årets sommeris periode i Vikingskipet, Hamar, er overstått. I perioden 31.7 – 15.8 har det vore is i «skipet» til glede for store og små. Sommerisen blir avslutta med løp. Sindre og Vilde representerte DIL i denne perioden. På det avsluttande løpet blei DIL representert av Vilde. Vilde gjorde sine saker bra. Ho stilte til start på 500 og 1000 m. På 500 m gjekk ho like godt inn til ny personleg rekord på tida 42,02 (gml. pers. 42.22). 1000 m gjekk unna på 1.26,23. Ein god start på årets sesong.
Resultater:
https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=24022
Tempo på sykkel
Den fjerde tempoen blei avvikla i eit nydelig sommervær. Ein liten bris imot på returen kunne ein merke, men tidene viser at den ikkje var til særlig sjenanse. Moro at 14 stk. tok seg tid til å stille til start denne fine kvelde i fellesferien.
Minner samtidig om neste tempoløp som blir 18. august.
Tempo
Minner om tempo på sykkel onsdag 21. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00.Alle klasser.Distanser: 5,10 og 20 km.Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.
Klubbmeisterskapet 2021
I eit fint sommarvêr blei årets klubbmeisterskap avvikla. 21 stk. stilte til start. Det var veldig moro at så mange kunne møte. Det gjør alt mykje meir moro når alle har noen å konkurrere med. Prologen blei som vanleg ein tett og tung affære. Sindre blei den raskaste med tida 2.25 min.. Av jentene var det Vilde som var raskast med tida 2.58 min.. Ca. 30 min. etter at siste utøvar hadde kome i mål var det tid for fellesstart. Sindre var klar favoritt, noe han innfridde. Det var tydeleg når starten gjekk at han sykla for løyperekord, for han sette god fart på feltet frå start. Det viste seg å halde stikk. Når målstreken var passert viste tida 54.18 min., 4 s raskare enn den gamle bestenoteringa. Ingvild Brattekleiv blei best av jentene med 57.28, medan Vilde kom inn på 61,10 min.. Dermed blei Ingvild best av jentene samanlagt. Men like imponerande var utøvarane som kom inn etterkvart etter å ha konkurrert mot seg sjølv, klokka eller andre deltakarar.
Etter løp blei det servert mat og drikke, og dei yngste fekk premie.
Takk til alle deltakarar og funksjonærar for eit vellykka arrangement.
Trykk på bileta for å få dei i ok størrelse.
Klubbmeisterskap på sykkel
Det vil bli arrangert klubbmeisterskap på sykkel laurdag 10. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 13.00.
Påmelding innan onsdag 7. juli til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller mobil: 975 26 722.
Klubbmeisterskapet består av prolog Dølehall – Eppelandskrysset
(ca. 1,5 km), deretter fellesstart Mykland rundt (ca. 38 km). Bonussekund fellesstart 10-5-3-2-1 sekund til nr. 1 til 5.
Alle klasser (dei yngste sykler bare prologen)
Det vil bli litt å bite i etter løpet.
Håper mange stiller enten som utøvar eller som tilskodar.



Treningstempo 30.6
Då var den tredje tempoen i år på Dølemo historie. Været var fint med temperatur i overkant av tjue, og praktisk talt ingen vind. Igjen mange fine resultat. Fin kveld for ei god treningsøkt.
Forfølgingsritt Mykland Rundt
Torsdag 24.6 blei årets forfølgingsritt rundt med Mykland arrangert for 5. gong. Dette er eit ritt som er basert på avstanden mellom løparane basert på 10/20 km tempotid muliplisert med 4/2.
13 stk. stilte til start denne varme sommerkvelden. Det blei eit, som vanleg eit hardt ritt. Litt motvind store deler av løypa gjorde det ikkje betre. Thea Baas var fyrst ut i løypa, og Sindre Baas sist. Det blei som vanleg litt taktikk og mykje hard sykling. Men til slutt var det Tor Inge Nilsen som stakk av med seieren i årets forfølgingsritt.
Treningstempo 10.6
Torsdag 10. juni blei den andre treningstempoen på sykkel avvikla. Været var varmt og godt, med ein liten bris. Det var ikkje så mange som møtte denne gonga, men god innsats og tider på dei som sykla. Det er verdt å nemne Ole Christian Myrmel, KCK, som var best på 20 km, og senka rekorden sin til 25.42 min., noe som bringer han inn på 5. beste tid på statistikken. På 10 km var Tom Helge Pedersen raskast med 14.00, men her var det Vilde Baas som «pynta» mest på persen sin med 15.52. Pers med 25 s. og fyrste gong under 16 min.
Neste løp blir «Forfølgelsesrittet» rundt med Mykland (ca. 38 km.) 23. juni kl. 18.00. Eit ritt basert på siste tida som er sykla på tempo.