Etter ei lang veke på is, og masse god trening, deltok Vilde, Sindre, Emily og Odin på Sommerløpet i Vikingskipet, Hamar. Litt uvant å gå løp igjen, men moro var å starte på is igjen. Nå venter ein periode med trening på barmark igjen før skøytesesongen startar i november.
Resultater: Sommerløpet 2017
Nok eit statistisk innslag av Aslak Homdal. Denne gongen er det litt skøytestatistikk som blir presentert før skøytesesongen starter.
Klubbrekordar, skøyter
Statistikk
Litt snadder frå DIL sin lokale servicemann innanfor resultater og statistikk, Aslak Homdal.
Mykland rundt, statistikk
Klubbmeisterskapet på sykkel
Laurdag 22.7 blei klubbmeisterskapet på sykkel arrangert. I årets utgåve stilte 22 syklister til start. Som vanleg blei det ein hard kamp om fyrsteplassen, men i årets innspurt var det Sindre som trakk det lengste strået med fjorårsvinnar Simen Spieler Nilsen på andre. Av jentene så var det den nederlandske skøyteløperen Natasha Roest som stakk av med seieren føre Vilde. Etter løpet fekk alle god grillmat laga av Elisabeth, Bjørg Helena og Nadia. Takk til alle som stilte til start, og ein stor takk til folka bak arrangementet. Sjå DIL si facebook side for meir bilete.
Resultater: Klubbmesterskap fellesstart
Tempo Mykland Rundt
Det er rart med det, men når det blir for lenge mellom ting som skjer, får ein lyst til lage til noko sjølv. Derfor tok Sindre ein rask meldingsrunde og Laurdag 15. juni stod det ein gjeng klar til å sykle forfølgingsritt. Runden som blei sykla var rundt med Mykland, og er ca. 3,8 mil lang. Årsbeste på 10 km tempo ganga med 4 blei lagt til grunn som utgangspunkt for startider. I år blei det veldig jevnt. Ein gjeng på 3 stykker låg i tet då Bjørn Notto og Sindre kom dampande 2,5 km før mål. Dermed blei det spurtoppgjør. Her trakk Sindre det lengste strået, med Terje Føreland på andre og Vilde Baas på tredje.
Ein stor takk til Aslak som på kort varsel stilte opp og tok tidene på denne gjengen, som fant ut dei ville ha det litt moro ein fin sommardag.
Resultater: Tempo Mykland rundt 2017
Klubbmeisterskap på sykkel
Aslak er klar, er dykk?
Laurdag 22.7 blir det arrangert klubbmeisterskap på sykkel for alle klasser. Fyrste start går kl. 13.00.
Klubbmeisteraskapet startar med ein proleg på ca. 2 km. Her blir det delt ut bonussekunder til 1., 2. og 3. plass. Etter ca. 1 time pause blir det fellesstart rundt med Mykland på ca. 3,8 mil.
Etter løpet blir det servert grillmat til alle, både deltakarar, støtteapparat og funksjonærar.
Påmelding til Aslak Homdal, tlf. 97526732, innan 20.7.
Håper mange tek seg tid til å møte. Velkomne skal dykk vere.
Treningstempo
Onsdag 5.7 blei den siste treningstempoen på sykkel før sommarferien arrangert. Været var lettskya med litt vind. 35 stk. stilte til start, av desse var 11 debutanter på tempoen på Dølemo. Gledelig at så mange stiller, og spesielt moro at så mange unge er med. Igjen takk til alle som stilte til start og til funksjonærer.
Neste arrangement vil bli annonsert her på heimesida og facebook.
Resultater: Tempo 2017
Treningstempo
Onsdag 5. juli blir det siste tempoløpet før ferien arrangert. Håper at mange kommer og tester sommerformen. Løpet er for alle både når det gjelder form, størrelse og alder. Altså;
onsdag 5. juli med start kl. 18.00 frå Dølehall.
Trioen
Onsdag 21.6 arrangerte Dølemo IL Trioen. Det møtte dessverre ikkje så mange denne gongen, men dei som var der hadde det moro, og fekk ein smak av kakene som bestemødrene til to av deltakarane hadde baka. Været var fint, men ein liten bris på veg tilbake, gjorde sitt til at det måtte jobbes skikkelig for å holde farten oppe. Dølemo sitt lag med Bjørn Notto, Sindre og Tom Helge var dei som greide dette best og vant på tida 50.01 min. Moro var det også at dei yngre ville sykle. Simen og Emily (13 og 12 år) hadde også lyst til å sykle, så då fekk dei sykle ei forkorta utgåve. Alle skal med.
Takk for denne gong.
Neste treningsløp blir tempo onsdag 5. juli med start frå Dølehall kl. 18.00. Fortsett å lese «Trioen»
Trioen
Tida går, snart er det tid for årets Trio. 21.6 kl. 18.00 går første start frå Dølehall. Dette er eit lagtempo løp på sykkel over ca. 35 km. Laget skal ha maks. 3 stk. på laget, der 2 må komme til mål. Tida blir registrert på sistemann.
Påmelding til Aslak Homdal, tlf. 975 26 732 innan 20.6.
Treningstempo
Onsdag 7.6 arrangerte DIL sin andre treningstempo for sesongen. Til tider store mengder nedbør hindra verken god deltaking eller gode tider.
Takk til arrangørstaben og deltakarane for ein blaut, men likevel triveleg kveld.
Resultater: Tempo 2017
Treningstempo
Onsdag 7.6 frå kl. 18.00 arrangerer DIL 2. treningstempo for sesongen. Oppmøte/startplass er Dølehall.
Påmelding til Aslak Homdal på tlf. 975 26 732
Det vil også vere mogleg å melde seg på inntil 30 min. før start.
Distansar: 5, 10, og 20 km.
Neste arr. blir Trioen onsdag 21.6
Simen Johnsen har igjen vore avgårde på sykkelløp. Denne gongen var han på glattkøyringsbanen i Sørlandsparken (onsdag 31.5) for å delta. Det er tydelig at han begynner å få det til, for i dette løpet greide han ein fjerde plass i klassa si som talde rundt ti deltakarar. God innsats.
Sykkeltrim
På onsdagane framover vil det bli gjort eit forsøk på å ha ein felles tur på landevegssykkelen. I fyrste omgang vil det vere snakk om turar på
ca. 1.30 t. Me avtalar før start korleis me organiserer turen. I utgangspunktet er dette meint for 12-13 åringar og eldre, men det er ingenting i vegen for at yngre også er med å syklar, men dei må ha ein vaksen med seg.
Tid: 17.30
Stad: Dølehall
Aktiv helg
Denne helga (27. – 28.5) har DIL hatt medlemmar i aksjon fleire plassar. Laurdag deltok Terje, Sindre, Bjørn Notto, og Tom Helge i sykkelløpet Kristiansand – Hovden. Eivind deltok i motbakkeløpet Skuggeknatten opp i Treungen, og til slutt, Simen Johnsen var i Tønsberg på sykkelløpet Tønsberg 3 dagers. Moro at medlemmer er ute og deltek på ulike arrangement.