Treningstempo

Nok ein tempo er over. Været var ikkje det beste for tempo. Vinden gjorde sitt til at det blei ein heller tung affære. Men dei 23 syklistane som stilte synast likevel det var moro.
Neste, og siste tempo for sesongen blir måndag 24. september. Då håper vi mange kjem for å avslutte temposesongen på Dølemo.

Tempo 2018 (11.9)

Skoda Cup nr. 6

Tysdag 4. september blei den 6. av i alt 7 løp arrangert på SkanTraf banen på Sørlandsenteret. 6 stk. stilte til start for Dølemo IL. Jonas, Odin og Elise stilte i rekrutt klassa og Emily i ungdomsklassa. Alle gjorde ein kjempeinnsats, og greide seg godt i selskap med mange lovande unge. Eivind stilte i nest beste gruppe, og greide å henge med teten inn. Sindre stilte i formel 1 klassa og endte her til slutt på 3. plass i konkurransen.
Resultater: Skoda Cup 2018

Spreke damer

1. september var to spreke damer inn til Oslo for å springe KK mila. Anette G. Skarmyr og Gro Anita E. Baas gjennomførte mila i god stil og kunne med god samvittighet feire bragden i champagne m.m. etterpå. Håper dette gir inspirasjon til fleire. Vel gjennomført.

Treningstempo

Tysdag 11.9 kl. 18.00 blir det arrangert ny treningstempo på sykkel med start frå Dølehall.
Alle aldersklasser.
Dist.: 5, 10 og 20 km.
Påmelding til Aslak Homdal på sms: 975 26 732 eller
mail: aslak.homdal@vabb.no innan måndag 10.9 kl. 20.00.

Fjorden Rundt


19.8 blei Fjorden Rundt arrangert. I år blei det sykla ei anna løype enn den vanlige. Denne gongen blei det sykla to heile runder motsatt veg. Frå Dølemo IL deltok Eivind og Sindre Baas. Sindre gjekk i brudd etter 5 km sammen med ein annen. I overkant ei mil seinere fekk han dessverre tekniske problem med sykkelen slik at han måtte legge seg med hovudfeltet til mål. Eivind kom i mål ca. 10 min. etter hovudfeltet.
Takk til Vegårshei IL for eit artig og godt gejnnomført arrangement.
Resultater: https://live.eqtiming.com/43955#result:163106-507878-1051663-1-1-

Sommeris


Frå 27.7 til 12.8 var det sommeris i Vikingskipet. Perioden blei avslutta med løp 11.8. Sindre, Vilde, Emily og Odin var med på sommerisen. Vilde og Sindre var heile perioden og avslutta med løp laurdag 11.8. Emily og Odin var 4 dager, og måtte reise fredagen før løpsdag, men fekk nokre dagar med god øving på isen. Sindre og Vilde hadde fyrste veka med Region Sør og andre veka med satsingsgruppa for OL 2022. Vilde var sjuk fyrste veka, og delvis andre, men fekk nok is til å gjennomføre løp. Her blei det 45.04 på 500m og 1.33,02 på 1000m. Ikkje verst for ei som blei korsbånd operert i januar og som kjente godt til forkjølesen. Det er eit stykke igjen før ho er tilbake for fullt, men ho er på god veg. Sindre hadde ein god isperiode med mykje tid i skøytestilling. Dette bar løpet preg av. Det var to veldig slitne bein som gjennomførte 3000m. Han fekk tida 4.12,97. Teknisk bedre enn ifjor, men for sliten til å stå distansen. Var litt skuffa sjølv om han nok var klar over at det ville bli tungt å prestere.
Godt å vere igang igjen.

Focc Challenge

Tre DIL ryttarar stilte til start i dette rittet som gjeng frå Fevik til Øyneheia via Herefoss. Det var strålande vær, og pølser m.m. venta på toppen av Øyneheia. Det gjekk ikkje så bra for Eivind og Bjørn Notto. Eivind greide ikkje følge gruppa si, og blei syklande for det meste aleine til Øyneheia, medan Bjørn hang lenge bra med, men eit punktert hjul satte ein stopper for han. Sindre gjekk det bedre med, og var ikkje så langt bak vinneren. Dette er eit like artig ritt, som det er tungt. Dette var 10. gong focc arrangerte dette løpet.
https://nb-no.facebook.com/Fevik-Omegn-Cycle-Club-188672681218645/

Forfølgelsesritt Mykland Rundt

Torsdag 19. juli sykla ein gjeng forfølgelse Rundt Mykland. Dette er noe vi har gjort 3 – 4 gonger. Det har ikkje blitt annonsert sidan vi ville prøve ut ideen fyrst. Neste år vil vi melde ifrå via heimeside og facebook m.m. Konseptet er enkelt. Det blir tatt utgangspunkt i tempotid over 1 mil satt på Dølemo, denne tida blir multiplisert med 4 (Myklandsrunden er ca. 4 mil). Differansen mellom desse tidene blir starttidspunktet til deltakarane.
I år som i fjor blei det Sindre som trakk det lengste strået. Han starta ca. 1 min. bak Bjørn Notto og Rolf Grude, han satsa alt på å ta dei igjen fyrste mila. Dei danna ei gruppe som til slutt greide å ta igjen Vilde, som leda, opp Lauvrak. Vilde hengte seg på, men frå Bås og ned rykka Sindre ifrå. I spurten mellom dei tre andre var Bjørn sterkast, og blei nr. 2 etterfølgd av Rolf og Vilde. Den reelle tida på Sindre blei 54.46, Bjørn Notto 55.26 og Rolf 55.27.
Fullstendig liste:

Utgangspunkt årsbeste på 10 km tempo. Dårligste årsbeste starter først.
Dei andre får tillegg på forskjellen på årsbeste x 4
Årsbeste Tillegg Sluttid Faktisk tid
1 Sindre Baas 13,59 12,16 1,07,02 54,46
2 Rolf Grude 14,09 (1) 11,36 1,07,03 55,27
3 Bjørn Notto Eppeland 14,08 11,40 1,07,06 55,26
4 Vilde Baas 16,58 0,20 1,07,32 1,07,12
5 Eivind Baas 15,17 7,04 1,10,23 1,03,19
6 Tor Inge Nilsen 17,03 0,00 1,10,39 1,10,39
7 John Nordby 16,34 1,56 1,12,00 1,10,04
8 Kjetil Homdal 16,08 (2) 3,40 1,12,39 1,08,59
9 Tom Helge Pedersen 13,45 13,12 1,12,40 59,28
(1) 2017-tid
(2) Pers fra 2007

Klubbmeisterskap, sykkel

Laurdag 7. juli blei klubbmeisterskapet på sykkel arrangert i eit nydeleg sommervær. I år var det påmeldt 25 deltakarar, men det var 22 som stilte. Gjengen var ei fin blanding av yngre og eldre syklistar. Først på programmet stod prologen. Som forventa blei det ein kamp mellom Simen Spieler Nilsen og Sindre Baas. Simen tok seieren med 3 sekunder, dermed måtte Sindre slå Simen på fellesstarten for å vinne samanlagt. Det blei eit lureløp der Sander Tveter frå fram Larvik vant. I spurten om 2. pl. blei Simen for sterk, dermed tok Simen tilbake klubbmeistertittelen. Etter at fellesstarten var ferdig, blei det servert grillmat med noe å leske seg opp på etter ein varm affære på sykkelen. Takk til Helga, Nadia, Johannes, Solveig, Bjørg Helena og Daniela som ordna grillmat m.m., og Aslak, Jon, Simon, Sigmund og Bernt for gjennomføring av rittet.
Neste år satser vi på like fint vær og endå fleire deltakarar.
Resultater: Klubbmesterskap 07.07.18

Litt av gjengen før start.

Simen er klar for fellesstarten.

Bjørg Helena var fornøgd med Thea sin innsats.

Simen og Sindre snakker om løpet.

Godt med mat og drikke etter vel gjennomført arrangement.

Treningstempo, sykkel

Den siste treningstempoen før ferien blei avvikla 26.6. Fint vær og lite vind gjorde sitt til at forholda var brukbare. Så pass mange som 29 stk. fant vegen til Dølemo denne kvelden. Moro er det at så pass mange unge møtte opp for å prøve seg. Etter løpet stilte arrangøren opp med eple og sjokoladekake og godt med drikke. Takk til Mette Føreland og Bjørg Baas for gode kaker.
Neste løp blir klubbmeisterskapet 7. juni. Slik det ser ut nå kan det bli ein artig affære med mange på startstreken.
Resultater: Tempo 2018

Klubbmesterskapet


Vinnaren av KM 2017
Klubbmesterskapet på landeveissykling blir i år arrangert lørdag 7. juli med første start kl. 13.00 fra Dølehall. Som vanlig blir det først en prolog og Mykland rundt etterpå. Det blir grillmat m.m. etter løpet, så vi vil gjerne ha påmelding innen onsdag 4. juli så vi kan planlegge innkjøp av mat.
Påmelding til;
Jon Skarli: 975 83 417
Aslak Homdal: 975 26 732 eller aslak.homdal@vabb.no

Kragerørittet

Laurdag 24.6 blei Kragerørittet arrangert i godt solskinn men med ein del motvind. For Dølemo IL stilte Sindre, Terje, Eivind og Jon D. Vehus til start. Det blei ingen umiddelebar suksess. Terje punkterte rett før start og måtte bruke reservehjulet. Etter ca. 5 km punkterte Sindre. Terje ga hjulet sitt til Sindre, men då var alt toget gått. Eivind og Jon hadde ein litt tung dag og kom i mål 15 – 20 min. bak vinnaren.  Me får sjå om det går betre neste gong. Neste løp blir tempoen 26. juni og klubbmeisterskapet 7. juli.

Resultater treningstempo sykkel


På biletet ser vi Jonas som sykla 10 km
Nok ein treningstempo er unnagjort. Været var ikkje heilt på lag. Litt regn og vind samt 12 – 13 grader var været som møtte deltakarane denne gongen. Men det såg ikkje ut til å legge noen demper på innsatsen.
Neste treningstempo blir tysdag 26. juni kl. 18.00.
Resultater: Tempo 2018