Tempo Mykland Rundt

Det er rart med det, men når det blir for lenge mellom ting som skjer, får  ein lyst til lage til noko sjølv. Derfor tok Sindre ein rask meldingsrunde og  Laurdag 15. juni stod det ein gjeng klar til å sykle forfølgingsritt.  Runden som blei sykla var rundt med Mykland, og er ca. 3,8 mil lang. Årsbeste på 10 km tempo ganga med 4 blei lagt til grunn som utgangspunkt for startider. I år blei det veldig jevnt. Ein gjeng på 3 stykker låg i tet då Bjørn Notto og Sindre kom dampande 2,5 km før mål. Dermed blei det spurtoppgjør. Her trakk Sindre det lengste strået, med Terje Føreland på andre og Vilde Baas på tredje.

Ein stor takk til Aslak som på kort varsel stilte opp og tok tidene på denne gjengen, som fant ut dei ville ha det litt moro ein fin sommardag.

Resultater: Tempo Mykland rundt 2017