Nye topplasseringer til Vilde


Vilde på pallen etter 500 m.
Vilde gjorde sine saker bra i LM i Drammen helga 10., 11. og 12. februar. LM er skøyteungdommens svar på NM. Dette er eit meisterskap skøyteløparane blir kvalifisert til gjennom oppnådde tider i sesongen.  Fredag innleia ho meisterskapet med å ta gull på 500 m, ho fulgte opp med bronse på laurdagens 1500 m og avslutta med sølv på 1000 m og 4. plass på 3000 m sundag. Alt i alt mange gode opplevingar å ta med seg i kofferten heim.
Les meir om LM her: http://www.drammenssk.org/