Helga 18. og 19. mars blei Rekordløpet i Stavanger arrangert. Dølemo IL stilte med 3 stk. Sindre, Vilde og Jonas gjorde sine saker bra. Det blei både personlige rekorder og årsbeste, men ikkje minst ei fin oppleving. For Jonas Baas var dette hans første stemne på ein innandørs bane. Det var litt nerver ute og gjekk, men Jonas kvitterte med å gå fire gode løp på henholdsvis 500 og 1000 m. Det blei fine perser på begge distanser og ei god erfaring. Sindre og Vilde gjekk også gode løp, og var fornøyde med sesongavslutninga.
Resultater Rekordløpet