Klubbmeisterskapet 2021

I eit fint sommarvêr blei årets klubbmeisterskap avvikla. 21 stk. stilte til start. Det var veldig moro at så mange kunne møte. Det gjør alt mykje meir moro når alle har noen å konkurrere med. Prologen blei som vanleg ein tett og tung affære. Sindre blei den raskaste med tida 2.25 min.. Av jentene var det Vilde som var raskast med tida 2.58 min.. Ca. 30 min. etter at siste utøvar hadde kome i mål var det tid for fellesstart. Sindre var klar favoritt, noe han innfridde. Det var tydeleg når starten gjekk at han sykla for løyperekord, for han sette god fart på feltet frå start. Det viste seg å halde stikk. Når målstreken var passert viste tida 54.18 min., 4 s raskare enn den gamle bestenoteringa. Ingvild Brattekleiv blei best av jentene med 57.28, medan Vilde kom inn på 61,10 min.. Dermed blei Ingvild best av jentene samanlagt. Men like imponerande var utøvarane som kom inn etterkvart etter å ha konkurrert mot seg sjølv, klokka eller andre deltakarar.
Etter løp blei det servert mat og drikke, og dei yngste fekk premie.
Takk til alle deltakarar og funksjonærar for eit vellykka arrangement.

Trykk på bileta for å få dei i ok størrelse.