Forfølgingsritt Mykland Rundt

Torsdag 24.6 blei årets forfølgingsritt rundt med Mykland arrangert for 5. gong. Dette er eit ritt som er basert på avstanden mellom løparane basert på 10/20 km tempotid muliplisert med 4/2.
13 stk. stilte til start denne varme sommerkvelden. Det blei eit, som vanleg eit hardt ritt. Litt motvind store deler av løypa gjorde det ikkje betre. Thea Baas var fyrst ut i løypa, og Sindre Baas sist. Det blei som vanleg litt taktikk og mykje hard sykling. Men til slutt var det Tor Inge Nilsen som stakk av med seieren i årets forfølgingsritt.