Treningstempo 10.6

Torsdag 10. juni blei den andre treningstempoen på sykkel avvikla. Været var varmt og godt, med ein liten bris. Det var ikkje så mange som møtte denne gonga, men god innsats og tider på dei som sykla. Det er verdt å nemne Ole Christian Myrmel, KCK, som var best på 20 km, og senka rekorden sin til 25.42 min., noe som bringer han inn på 5. beste tid på statistikken. På 10 km var Tom Helge Pedersen raskast med 14.00, men her var det Vilde Baas som «pynta» mest på persen sin med 15.52. Pers med 25 s. og fyrste gong under 16 min.
Neste løp blir «Forfølgelsesrittet» rundt med Mykland (ca. 38 km.) 23. juni kl. 18.00. Eit ritt basert på siste tida som er sykla på tempo.