Birkenesrunden

Sundag 6.6 blei Birkenesrunden arrangert i regi av sykkelgruppa i Birkenes idrettslag. Nydelig vær laga ei fin ramme rundt det fyrste turrittet på lenge. 9 ryttarar representerte Dølemo IL. Best av alle blei veteranen Bjørn Notto Eppeland som imponerte med ein fin, fin 10. plass. Ein anna som imponerte var Nils Runar Blandkjenn som debuterte i landevegsritt med ein 17. plass. Dølemo IL hadde også 2 jenter på startstreken. Vilde begynner å finne formen igjen, noe ho viste med aktiv og god sykling. Thea er for ung til å starte med tidtaking, men gjennomførte på fint vis i trimgruppa. Thea var også så heldig å vinne hovudpremien som var ein sykkel.
Oppsummert var det mykje bra sykling frå Dølemo ryttarane.
Takk til Birkenes for eit vel gjennomført turritt.
Resultater: https://live.eqtiming.com/55696#result