Sommerløpet på skøyter

8. august blei årets sommerløp avvikla. Løpet blei prega av at det var corona restriksjonar, men løpa blei heldigvis livestreama slik at dei som ikkje fekk komme inn i Vikingskipet kunne sitte å følge med på livestreaminga. Sindre og Vilde Baas deltok for Dølemo IL. Både Sindre og Vilde har slitt med skader, så det var to spente løparar som stilte til start. Vilde har hatt to korsbåndsbrudd dei siste tre åra, og stilte til start for fyrste gong på 1 1/2 år. Litt reduserte løp blei det i og med usikkerheten rundt korleis kneet ville reagere. Men Vilde gjennomførte to ok løp. Det blei 43,48 og 2. plass på 500 m og 1.28,28 og 4. plass på 1000 m. Vilde var letta og godt fornøgd med starten på årets skøytesesong.
Sindre har hatt ein litt trøblete vår/sommer. Han kom ut av vintersesongen med skade i rygg og kne. Har hatt behandling og trening med tanke på skadene, og gjennomførte 14 dager med full trening på sommerisen uten å måtte stå over noe. Sindre stilte også på 500 og 1000, noe som blei litt «nytt» for han i og med at hurtigheitstrening ikkje har hatt noen prioritet i treningsarbeidet. Dette viste seg også i konkurransen. Delar av løpa var gode, men har litt igjen før det sydd saman til heile og gode løp. Men det kommer. Det blei 38,51 på 500 m og 6. pl. og 1.15,45 på 1000 m og 2. pl..
Alt i alt eit godt opphald og utbytte på årets sommaris.