Klubbmeisterskap på sykkel

Årets klubbmeisterskap på sykkel er vel overstått. Det såg mørkt ut med tanke på vêret, men då klokka nærma seg start blei det opphald og fin temperatur. Som vanleg blei det arrangert prolog fyrst. Her var det litt vind imot, slik at tidene ikkje blei rekordraske. Raskast blant menn var Sindre Baas med tida 2.28 min. medan Vilde var raskast blant jentene med 3.09. Fellesstarten blei som vanleg fylt med fart, spenning og taktikkeri. Til slutt var det Oddbjørn Mellemstrand som kryssa mållinja fyrst med tida 56.29 min. Nr. 2 over mål blei Kim Forsberg, men som var fyrste DIL ryttar over målstreken og blei dermed klubbmeister for herrer. Blant damene blei det eit oppgjør mellom Vilde Baas og Ingvild Brattekleiv. Her trakk til slutt Ingvild det lengste strået, og kom fyrst i mål på tida 59.48 min. Vilde blei fyrste DIL ryttar i mål og blei derfor klubbmeister for damer. Den yngste som var med i år var Thea Baas (15 år) som fullførte på nye bestetider. Veldig bra innsats. Neste år må målet vere å få fleire yngre løparar på startstreken.
Etter løpa blei det servert grillmat og brus på alle. Dette hadde Elisabeth Espebu med hjelparar ordna med. Takk til dei, og til Aslak Homdal med hjelparar for eit prikkfritt arrangement.
Har lagt med litt resultater og statistikk som er utarbeidd av Aslak homdal.