NC 2 på skøyter

Vilde i aksjon på sin 500 m (Foto: EF sportsfoto)
Sindre i farta (Foto: EF sportsfoto)

Helga 30. og 31. oktober blei NC 2 arrangert i Hamar. Vilde og Sindre var på plass. Dette var fyrste konkurransen etter NC 1. Sindre fekk luftveisinfeksjon under NC 1, noe som har ført til at trening igjen måtte legges litt på is. Han prøvde seg likevel i helga. 1500 m blei litt tung med tida 1.54,11 (16. pl.). Søndagen gjekk betre, her blei det 37,05 (10 pl.) på 500 m og 1.12,20 (10. pl.) på 1000 m. Nå håper Sindre på ein forhåpentligvis god treningsperiode fram til jul uten skader eller sjukdom.
Vilde gjekk 500 på laurdag på 42,13 (5. pl.). Søndag stilte Vilde på 500 m og gjekk like godt inn til ny pers. på 41,73 (4. pl.). På 1000 m endte ho opp med tida 1.25,89 (7. pl.).

NC 1

Vilde ser fornøyd på tidtakertavla etter 41,78 løpet.
Sindre var også fornøyd med gjennomføringa av sin 500 m.

Noregscup 1 på skøyter er unnagjort. Sindre og Vilde Baas stilte til start for Dølemo IL, på distansane 500 og 1000 m på laurdag og 500 og 1000 for Vilde, og 1500 for Sindre på sundag. Vilde er fortsatt i framgang etter kneskade, og slo til med pers. på 500 m med 41.78 (gml. pers. 42,02). På 1000 m blei det årsbeste med 1.24,68. Sindre som også har vore plaga med skader, fekk til ein god 500 m på 36,95. 1000 m stod ikkje heilt i stil med 500 m, men det blei likevel 1.13,74. På sundag fekk Vilde 41,93 og 1.25,94, medan Sindre fekk 1.53,78 på sin 1500 m.
Ein oppløftande sesongstart. Om 14 dagar er det NC 2 på Hamar. Satser på at det blir endå eit steg i riktig retning der.
Resultater: https://speedskatingresults.com/


Tempo 18.8

11 stk. tok seg tid denne onsdags kvelden til å teste ut formen sin på sykkel. Motvind opp, og god medvind tilbake gjorde det litt vanskelig, men resultatene viste at deltakarane beherska forholda bra. Det må nemnast at det blei ny løyperekord på 20 km av Ane Iversen med tida 27.22 min..
Dette var den siste «teminfesta» tempoen i regi av DIL for denne sesongen. Kan hende vi likevel tar ein tempo i september viss været og lysta til løp er bra. Blir i så fall kunngjort på facebook.

Sommerisen

Årets sommeris periode i Vikingskipet, Hamar, er overstått. I perioden 31.7 – 15.8 har det vore is i «skipet» til glede for store og små. Sommerisen blir avslutta med løp. Sindre og Vilde representerte DIL i denne perioden. På det avsluttande løpet blei DIL representert av Vilde. Vilde gjorde sine saker bra. Ho stilte til start på 500 og 1000 m. På 500 m gjekk ho like godt inn til ny personleg rekord på tida 42,02 (gml. pers. 42.22). 1000 m gjekk unna på 1.26,23. Ein god start på årets sesong.
Resultater:
https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=24022

Klubbmeisterskapet 2021

I eit fint sommarvêr blei årets klubbmeisterskap avvikla. 21 stk. stilte til start. Det var veldig moro at så mange kunne møte. Det gjør alt mykje meir moro når alle har noen å konkurrere med. Prologen blei som vanleg ein tett og tung affære. Sindre blei den raskaste med tida 2.25 min.. Av jentene var det Vilde som var raskast med tida 2.58 min.. Ca. 30 min. etter at siste utøvar hadde kome i mål var det tid for fellesstart. Sindre var klar favoritt, noe han innfridde. Det var tydeleg når starten gjekk at han sykla for løyperekord, for han sette god fart på feltet frå start. Det viste seg å halde stikk. Når målstreken var passert viste tida 54.18 min., 4 s raskare enn den gamle bestenoteringa. Ingvild Brattekleiv blei best av jentene med 57.28, medan Vilde kom inn på 61,10 min.. Dermed blei Ingvild best av jentene samanlagt. Men like imponerande var utøvarane som kom inn etterkvart etter å ha konkurrert mot seg sjølv, klokka eller andre deltakarar.
Etter løp blei det servert mat og drikke, og dei yngste fekk premie.
Takk til alle deltakarar og funksjonærar for eit vellykka arrangement.

Trykk på bileta for å få dei i ok størrelse.

Klubbmeisterskap på sykkel

Det vil bli arrangert klubbmeisterskap på sykkel laurdag 10. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 13.00.
Påmelding innan onsdag 7. juli til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller mobil: 975 26 722.
Klubbmeisterskapet består av prolog Dølehall – Eppelandskrysset
(ca. 1,5 km), deretter fellesstart Mykland rundt (ca. 38 km). Bonussekund fellesstart 10-5-3-2-1 sekund til nr. 1 til 5.
Alle klasser (dei yngste sykler bare prologen)
Det vil bli litt å bite i etter løpet.
Håper mange stiller enten som utøvar eller som tilskodar.

Fellesstart 2019
Dei yngre kan også med.
Det blir mat og sosialt etter løpet.