Dølemo idrettslag har heile tida hatt fokus på å ha anlegga i god stand slik at medlemmane har eit godt tilbod. Ei lita oppsummering på kva som er gjort dei siste par åra er derfor på sin plass. Styrkerommet har blitt pussa opp, og det har blitt kjøpt inn blant anna ny tredemølle, romaskin, spinningsyklar og ulike typer vekter og apparat til styrke.
Skøyte/fotballbanen har blitt flytte nokre meter vekk frå skulen slik at det blir meir plass for elevane om vinteren og lettare å brøyte skøytebanen. For å få dette til har det blitt køyrt på masse i austre enden av banen samt lag nytt toppdekke.
Lysløypa har også stadig vekk blitt utbetra. Nå er alle dei bratte bakkane blitt fylt ut i overgangen eller på anna måte gjort slakare. Det har også blitt skifta lys slik at det nå er lys i alle lampene som lyser opp heile løypa.
Der kjem til å bli gjort meir, men DIL håpar at det som og blir gjort stimulerar til aktivitet.