7. – 9. februar arrangerte Arendal skøiteklub og Dølemo idrettslag LM på skøyter. Med eit litt varierande vær på laurdag, blei det ei utfordring å lage like forhold for løparane. Men ein god jobb av banemannskapet gjorde sitt til at det blei ei god gjennomføring. Fredag og sundag var fine dager med masse solskinn og lite vind. Tilbakemeldingene frå publikum og løparar var gode.
Dølemo IL stilte med Jonas Baas på startstreken, og han gjorde sine saker veldig bra. Fasit blei 4. pl. (100 m), 3. pl. (500 m) og 4. pl. (1000 m). Dølemo IL gratulerer med eit flott LM.
Takk til alle frivillige og løparar som gjorde årets LM til ei god oppleving.
Sjå Arendal skøiteklub si oppsummering av LM 2025:
https://www.arendal-sk.no/next/blog/post/247374/landsmesterskapet—oppsummering?ispage=true

