|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
tirsdag 02. februar 2010 19:46 |
|
Tysdag 2. februar blei det arrangert skøyteløp
|
|
LAST_UPDATED2 |
|
Les mer …
|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
torsdag 28. januar 2010 20:32 |
|
Tysdag 2. februar blir det arrangert skøyteløp på skøytebanen på Dølemo.
Påmelding frå kl. 17.15, og start kl. 18.00.
Distansar: 100m, 400m og 500m.
Alle klasser.
Håper mange finn vegen til skøytebanen denne kvelden.
|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
onsdag 27. januar 2010 21:20 |
|
Onsdag 20.1 og 27.1 blei det arrangert skirenn i lysløypa. Les meir under.
|
|
LAST_UPDATED2 |
|
Les mer …
|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
søndag 24. januar 2010 18:56 |
|
Sundag 24. januar arrangerte Dølemo ski og akedag i lysløypa på Dølemo.
|
|
LAST_UPDATED2 |
|
Les mer …
|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
lørdag 23. januar 2010 17:09 |
|
DIL er representert på skiløp denne sesongen også. To av desse er Terjei Tveit og Oddvar Vehusheia. Dei ahr deltatt på sparebankcupen på Vegårshei. Terjei har til nå fått ein 5.plass (12.1) og 3.plass (19.1). Oddvar har ein 7. plass (19.1). Det er i alt 6 løp i sparebankcupen, og er opent for alle klasser. Følgjande dagar er det løp: tysdag 26.1 (fristil), tysdag 2.2 (klassisk), tysdag 9.2 (fristil), tysdag 16.2 (klassisk). Sjå heimesida til Vegårshei IL for meir info.. |
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
lørdag 23. januar 2010 16:00 |
|
Åmlikarusellen er eit samarbeid mellom idrettslaga i Åmli. Denne karusellen består av 3 løp fordelt på Dølemo, Selåsvatn og Åmli. Det fyrste av 3 renn er på Dølemo til onsdag 27.1 kl. 18.30 med påmelding mellom kl. 17.30 - 18.15. Er det spm. kan desse rettast til Inga Hillestad (mob. 99364033).
Åmlikarusellen er open for alle klasser. Håper også at seniorane finn fram skia.

Simen klar til start i Åmlikarusellen 2009. |
|
LAST_UPDATED2 |
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
lørdag 23. januar 2010 10:28 |
|
Kvart år må idrettslaga i Noreg som er medlem av Noregs idrettsforbund rapportere inn medlemstalet for laget og gruppene, for at dei m.a. fortsatt skal stå som medlemmar i NIF. Dølemo IL kunne i 2009 registrere 171 medlemmar, 83 kvinner og 88 menn. Dette er eit medlemstal me er nøgde med, men likevel er de ein nedgang på 16 medlemmar frå året før. Denne negative trenden vil me prøve å snu i 2010. Målet for 2010 er, som ifjor, å nå den magiske grensa på 200 medlemmar. Det vil i år bli lagt ut medlemsliste på butikken på Dølemo og i Tovdal. Det vil også vere mogleg å betale over nett på kontonr. 2821.40.14779. Takka vere Dølemomarknaden og den jobben som blir gjort der, som fører til gode inntekter for laget, er kontingenten også i år sett til 20 kr.
Velkomen gamle og nye medlemmar. |
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
tirsdag 19. januar 2010 22:34 |
|
Tysdag 19. januar fekk ungane på Barnetrimmen ei overrasking. Sidan me nå har ein periode med utandørsidretten skøyter, så fant me ut at dei måtte ha noko som varmar dei. Då var det passande å gi dei ein buff. Denne buffen har me fått gjennom Norway Supporter team, som er ein supporterklubb for skøytesporten i Noreg. Ein takk til dei. Ungane sette pris på denne merksemda frå DIL. I alt 23 ungar/ungdommar fekk seg ein buff denne kvelden.

|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
mandag 18. januar 2010 23:07 |
|
Torsdag 21.1 kl. 18.30 er det klart for sesongens fyrste skiløp. Skirennet vil bli arrangert i klassisk stil i lysløypa. Påmelding er frå kl. 18.00 ved Dølehall. Håper mange finn vegen til lysløypa denne kvelden. |
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
mandag 18. januar 2010 22:32 |
|
16. og 17. januar var det veteran NM for kvinner og menn på kunstisbanen i Arendal. Det var Dølemo IL og Arendal skøyteklubb som arrangerte meisterskapet saman. Det blei konkurrert over distansane 500, 1000, 1500, 3000 m for kvinner og 500, 1000, 3000, 5000 m for menn (samanlagt). Det var desverre ikkje dei beste forholda. Med ein gradestokk som viste minus 2-3 grader, sur vind og snø i lufta gjorde sitt til at det blei litt tunge forhold for både løparar og funksjonærar, men gode prestasjonar og rutinerte arrangørar gjorde sitt til at det blei eit vellykka arrangement. Dølemo stilte desverre ikkje med løparar, men me bidrog med 9 funksjonærar. Desse var Sigmund Sandhaug, Frank Kollstad, Kai Kollstad, Bjørn Notto Eppeland (tidtakarar), Jon skarli (is ansvarleg), Eivind Baas (svingdommar), Kjetil Homdal (banemannskap), Aslak Homdal (Speaker) og Olav Homdal (sekretæriatet).
Fullstendig resultatliste kan du lese her.
|
|
LAST_UPDATED2 |
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
mandag 11. januar 2010 22:47 |
|
Aktivitetsplanen til skigruppa for 2010 ligg nå under terminliste til høgre på forsida.

|
|
Skrevet av Eivind Baas
|
|
onsdag 06. januar 2010 19:53 |
|
Barnetrimmen startar opp igjen tysdag 12. januar. Me startar opp året på skøytebanen.
Ungar t.o.m. 9 år kl. 17.30 - 18.30.
Ungar f.o.m 10 år kl. 18.30 - 19.30.
Velkomen!
|
|
LAST_UPDATED2 |
|
|
|
|
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |