KM skøyter 2020

KM på skøyter måtte, på grunn av mangel på kulde, flyttast til Arendal og omegn kunstisbane. Vi var så heldige å ha opholdsvær til stemneslutt, men bare så vidt. då 3000 m fellesstart var slutt, åpna himmelens sluser seg. Gledelig var det at så mange som 47 deltakarar stilte til start. Det blei mange spennande oppgjer på isflata. Best poengsum av alle på herresida fekk Pål Myhren Kristensen, og på kvinnesida var det Stella Nilsen som oppnådde beste poengsum.
Resultater: https://bloccontent.blob.core.windows.net/files/200000195/2073/2020/2/9/resultater-sammenlagt-km-task-2020–2-.pdf

Skirenn

Laurdag 1.2 arrangerte DIL skirenn på Hillestad. Forholda var fine med tanke på at det ikkje akkurat har lava ned med snø. Rundt 30 stk. stilte til start, noko ein må sei er bra i høve til den vinteren vi har hatt til nå. Skigruppa fekk løparane trygt i mål, og spanderte pølser, kake og saft etter løpet. Alle som deltok fekk Telenor premie (i år var det lue).
Takk til dei som var med og arrangerte, og til dei som deltok i løpet.

Telenorkarusell

Lørdag 1 februar kl. 12.30 blir det arrangert skirenn for alle aldersklasser på Hillestadheia.
Påmelding frå kl. 12.00
Gratis pølse, kake og saft til alle deltakarane.
Håper mange finn vegen for ein triveleg dag på ski.

Kretsmesterskap på skøyter

Kretsmesterskap 2020
Arrangør: Telemark og Agder skøytekrets
Arrangementets navn: Kretsmesterskap
Nivå/Type: Sammenlagt stevne.
Idrettsgren: Hurtigløp
Sted: Arendal Kunstisbane
Dato: Lørdag 08.02.2020 kl. 11:00

Påmeldingsinformasjon
Telefon: Trond Kristensen 913 43 286
E-post: trond.trokri.kristensen@gmail.com
Påmeldingsfrist: Fredag 07.02.2020 senest kl. 20:00

Klasser                 Distanser             Startkontingent
Rekrutt                 100 og 400          0,-
10 år                     400 og 500           0,-
11-12 år Jr C        500 og 1000         0,-
Jr B-A og S-V       500 og 1500         0,-

Felles start 3000 m fra 11 år. (Kretsmester kåres ikke, premie til vinner og trekning av gavekort kr. 500,- på alle som starter)

Nyttårsløpet 2019

På grunn av forholdsvis mild vinter blei Nyttårsløpet på skøyter flytta til Arendal kunstisbane. Med opphold, eit par pluss i lufta og litt vind i flagget blei det ein fin dag for skøyter. Mange nye årsbeste og personlige rekordar såg dagens lys i løpet av dagen. Arrangementet blei losa trygt i havn av speaker Aslak Homdal med hjelp av gode funksjonærar.
I pausa kom der også ei hyggelig overrasking frå Gjensidigestiftelsen. Det viste seg at søknaden frå DIL på økonomisk støtte blei innvilga i sin heilhet. Dermed fekk laget ca. 217 000 kr. som skal brukast til utstyr som gjør det betre for brukarane til DIL. Takk for støtten.

Resultater frå løpet finn dykk her:

Utdeling av midler frå Gjensidigestiftelsen v/Erik Fløystad.
Ein stor takk frå oss i Dølemo idrettslag.

NC 2 på skøyter

2. og 3. november blei andre noregs cupen på skøyter arrangert i Vikingskipet. Ein småforkjøla Sindre Baas stilte for Dølemo IL, og gjorde sine saker bra. Laurdag gjekk han to løp, 500 og 1000 m. På 500 m gjekk han for fyrste gong under 37,00. Med tida 36,69 oppnådde han ein fin 3. plass på distansen. Seinare på dagen gjekk han 1000 m for fyrste gong under 1.12,00. Med tida 1.11,93 vant han distansen. Sundag gjekk han 1500 m på tida 1.52,13, som er årsbeste. Med denne tida fekk han ein 10. plass.
I alt ei positiv helg med fin framgang. Det er bare å glede seg til fortsettelsen.
Resultater: https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=21764

Selbergfjellet

Viss du vil ha ein gåtur på ein times tid, er turen på Selberegfjellet å anbefale. Turen starter ved Dølehall. Gå inn motskytebanen og inn gjennom grushola til du kjem til enden av vegen. Her går det ein sti til høgre opp mot Selbergfjellet. Når du krysser Selbergvegen, går du rett over vegen og følger stien som går opp langs «ryggen» på Selbergfjellet. Når du er oppe er det eit lite platå med god utsikt (sjå bilete). God tur.

Norgescup 1 på skøyter

26. og 27.10 blei sesongens fyrste norgescup på skøyter arrangert i Stavanger. Sindre Baas representerte Dølemo IL. Fjorårets sesong var litt trøblete for Sindre, men har gjennom sommaren blitt betre og betre i skaden. Han har nesten fått gjort alt det han skal av treningsarbeidet. Dette viste han i helga. Her stilte han til start på 500 (37,25 og 13 pl.), 1000 (1.12,51 og 9. pl.) og 1500 (1.52,20 og 3. pl.. Tidene og plasseringane viser at han blir å regne med i toppen av resultatlistene utover i sesongen.

Jubileumsfest

Ein stor takk til alle som deltok på arrangementa dag og kveld på jubileumet til Dølemo idrettslag. Fyrst på dagen hadde vi aktivitetsdag for ungane/ungdommen for så å ha jubileumsfest på kvelden for dei vaksne. Rundt 30 – 40 stk. kom på dagen og ca. 80 stk. var påmeldt til kvelden.
Håper dei neste hundre blir like innhaldsrike.

100 års markering

Dølemo idrettslag fyller 100 år i 2019. I den samanheng vil det bli eit arrangement for barn/ungdom, samt ein jubileumsfest på kvelden, laurdag 19. oktober.

Arrangementet for barn/ungdom vil være mellom kl. 13.00 – 16.00. Her vil det bli aktivitet og noe å bite i for deltakarane. Meir info kjem.

På kvelden vil det bli arrangert jubileumsfest for dei vaksne(18 år og eldre) kl. 18.00 på Dølehall. Her vil det bli mat, taler, lotteri, musikk med Ove Støylen m.m. Arr. er gratis. (Begrensa antall på grunn av kapasiteten på Dølehall).
Påmelding innan 5. oktober til Anette Gjermones Skarmyr (959 27 885).

Trening og bading

Tysdag 9. oktober kl. 18.30 starter trening inne på Dølehall for 4. kl. og eldre opp igjen. For meir info., kontakt Inga Hillestad.
Onsdag 10. oktober 17.30 – 19.00 er det mulighet for bading i Åmli symjebasseng. For meir info., kontakt Liv Mona Føreland

Åpent klubbmeisterskap 28.9

Sesongens siste tempoløp er overstått. Værmeldinga var ikkje den beste, men når fyrste starten gjekk var det opphold, ja til og med litt sol, men litt vind. Mulig det var værmeldinga som gjorde sitt til at det ikkje stilte så mange til start, eller at det rett og slett er seint på sesongen. Men dei som møtte hadde forhåpentligvis ein fin ettermiddag på sykkelen.


Takk for årets sykkelsesong, så sjåst me igjen med skøyter eller ski på beina.