NC5 og Hamarleken

Sindre og Vilde var å deltok på NC 5 i Stavanger 21. og 22. jan. Vilde gjekk årsbeste på 500m og Sindre gjekk inn til personlige rekorder på 500 og 1500 m. Emily og Odin var til Hamar og deltok på Hamarlekene. Her gjekk Odin 100 m og 400 m begge dagane, medan Emily gjekk 500 m og 1000 m begge dagane. Emily endte til slutt på 4. plass i 11 års klassa.                                         500 m               1000 m                    1500 m               3000 m
Sindre:     38,32-38,27                                      1.58,24               4.18,14
Vilde        44,49-43,90     1.33,51                      2.30,24
Emily       53,71-53,61       1.54,33-2.05.00
Odin       Deltatt

For fleir resultat og tider sjå; http://speedskatingresults.com/index.php?p=12&n=9999

Aktiv skøytehelg

Denne helga var det god aktivitet på skøytefronten. I Arendal blei Grødumløpet/KM arrangert, og NM sprint blei arrangert i Hamar. I Arendal deltok 5 stk. frå klubben. Alle gjorde det bra, og noen fekk til og med bilete av seg sjølv på på heimesider og i Agderposten. Får å lese meir om dette løpet kan dykk sjå http://www.arendal-sk.no/
Sindre og Vilde var til Hamar og deltok i NM sprint. Det blei ei helg med både oppturar og nedturar. Vilde gjorde 3 gode løp, men fekk det ikkje heilt til på sin andre distanse (1000 m). Her la ho igjen litt for mykje tid og endte til slutt på ein 13. plass sammenlagt. Sindre hadde litt tekniske problem med den eine skøyta på første distanse (500 m), og før siste distanse blei løpet avbrutt når Sindre sitt par stod klar, fordi begge løparane i paret føre falt og den eine endte opp med ein så stygg skade at han måtte bli henta av ambulanse, og løpet utsatt i ein time. Han endte likevel til slutt opp med pers. rekordar og ein 5. plass sammenlagt. Resultater og bilder finn du her; http://hilskoyter.no/

Ny side

Dølemo IL si heimeside blei for ei stund sidan satt ut av bruk av ukjente årsaker. Nå har Morten Homdal gjort ein jobb med å få den til å opp og gå igjen. Det er viktig med ei heimeside der medlemmane og andre, kan inn og sjå kva som gjelder for laget og aktivitetane som skal skje. Vi skal gjør så godt vi kan når det gjelder å halde sida oppdatert. Fint med innspel frå dykk som brukarar om det er noko som de meiner må ligge på sida, eller om det er noko som skjer som burde refererast.
Sida er under utarbeiding.

Styret