Nissemarsj

Tysdag 14. oktober blir det arrangert Nissemarsj. Starten gjeng frå Dølehall kl. 18.00. Etter marsjen blir det servert graut m/mandel. Planen er å servere utandørs i gapahuken, men er ikkje været med oss blir det innandørs på Dølehall.
Velkomen til alle.

Solsnuløpet (Skirenn)

Laurdag 18.12 blir det arrangert skiløp på Hillestadheia. Løpet har fått namnet «Solsnuløpet» og er eit skiløp på idealtid. Det blir gått to runder. Fyrste runden starter kl. 13.00 og andre runde 14.00. Det gjelder å gå desse to rundane på så lik tid som mogleg. Dette er eit minneløp for mangeårige formann i idrettslaget Torstein Håkedal.

World cup Neo – senior

Vilde Baas deltok i world cup neo – senior 28. 11 og 5.12. Ho fekk kun delta på 500 m. Ho gjorde sine saker bra og satte fyrst personleg rekord 28.11 med tida 40,86, for så å forbedre denne tida helga etterpå med 40,70. Dette ga ein 10. plass begge helgene.

NC 2 på skøyter

Vilde i aksjon på sin 500 m (Foto: EF sportsfoto)
Sindre i farta (Foto: EF sportsfoto)

Helga 30. og 31. oktober blei NC 2 arrangert i Hamar. Vilde og Sindre var på plass. Dette var fyrste konkurransen etter NC 1. Sindre fekk luftveisinfeksjon under NC 1, noe som har ført til at trening igjen måtte legges litt på is. Han prøvde seg likevel i helga. 1500 m blei litt tung med tida 1.54,11 (16. pl.). Søndagen gjekk betre, her blei det 37,05 (10 pl.) på 500 m og 1.12,20 (10. pl.) på 1000 m. Nå håper Sindre på ein forhåpentligvis god treningsperiode fram til jul uten skader eller sjukdom.
Vilde gjekk 500 på laurdag på 42,13 (5. pl.). Søndag stilte Vilde på 500 m og gjekk like godt inn til ny pers. på 41,73 (4. pl.). På 1000 m endte ho opp med tida 1.25,89 (7. pl.).

Bading

Kvar onsdag frå og med 20. oktober frå kl. 17.30 til 19.00 er det mulighet for medlemmar i DIL å bade i Åmli symjebasseng. Barn må ha med seg ein vaksen. For meir info., kontakt Ann Karla Kristiansen.

NC 1

Vilde ser fornøyd på tidtakertavla etter 41,78 løpet.
Sindre var også fornøyd med gjennomføringa av sin 500 m.

Noregscup 1 på skøyter er unnagjort. Sindre og Vilde Baas stilte til start for Dølemo IL, på distansane 500 og 1000 m på laurdag og 500 og 1000 for Vilde, og 1500 for Sindre på sundag. Vilde er fortsatt i framgang etter kneskade, og slo til med pers. på 500 m med 41.78 (gml. pers. 42,02). På 1000 m blei det årsbeste med 1.24,68. Sindre som også har vore plaga med skader, fekk til ein god 500 m på 36,95. 1000 m stod ikkje heilt i stil med 500 m, men det blei likevel 1.13,74. På sundag fekk Vilde 41,93 og 1.25,94, medan Sindre fekk 1.53,78 på sin 1500 m.
Ein oppløftande sesongstart. Om 14 dagar er det NC 2 på Hamar. Satser på at det blir endå eit steg i riktig retning der.
Resultater: https://speedskatingresults.com/


Tempo 18.8

11 stk. tok seg tid denne onsdags kvelden til å teste ut formen sin på sykkel. Motvind opp, og god medvind tilbake gjorde det litt vanskelig, men resultatene viste at deltakarane beherska forholda bra. Det må nemnast at det blei ny løyperekord på 20 km av Ane Iversen med tida 27.22 min..
Dette var den siste «teminfesta» tempoen i regi av DIL for denne sesongen. Kan hende vi likevel tar ein tempo i september viss været og lysta til løp er bra. Blir i så fall kunngjort på facebook.

Tempo

Minner om tempo på sykkel onsdag 18. august med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00. Alle klasser. Distanser: 5,10 og 20 km. Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.

Tempo

Minner om tempo på sykkel onsdag 18. august med fyrste start frå Dølehall kl. 18.00. Alle klasser. Distanser: 5,10 og 20 km.
Påmelding til Aslak Homdal, mob. 975 26 732.