KM skøyter, Notodden

Laurdag 27.1 blei det arrangert KM på skøyter i på Notodden. Dette var fyrste gong det blei arrangert skøyteløp sidan 2004. Skøytegruppa i Snøgg haddde gjort ein kjempejobb med isen, slik at forholda var fine for løparane. Derfor var det synd at ikkje fleire stilte til start, men dei som stilte hadde ein kjempefin dag. Dølemo stilte med 6 utøvarar, og alle fullførte løpa sine på ein fin måte. Etter stevnet hadde gruppa ein felles middag før avreise heim igjen, der dagens hendingar blei analysert i detalj. Takk til skøytegruppa i Snøgg for eit flott arrangement.
Resultater: Resultatliste – KM – 2018 – Notoodden

NM allround, senior

Sindre deltok i senior NM allround på skøyter denne helga, 13.-14. januar. Det endte med 6. pl. sammenlagt etter serien;
39,11 – 7.33,49 – 2.01,21 – 15.45,24 (10 000m debut).
Takk til Jevnaker if skøyter for eit fantastisk fint arrangement.

Ny jakke

Dølemo IL skal gå til innkjøp av nye vinterjakker. Modellen vi går for er twentyfour Vail dunjakke, svart.
Sponsorene er Hillestad, Baas Entrepenør AS, Sparebanken Sør, Mezina og Snarkjøp. Dølemomarknaden vil også få en logo på jakken, samt at Dølemo Idrettslag vil stå på ryggen.
Jakken er i følgende størrelser:
Herre str S-M-L-XL-XXL-XXXL
Dame 34-36-38-40-42-44-46
Junior 116cm(6år) – 128cm(8år) – 140(10år) – 152cm(12år – 164cm(14år).
Prisen er 500 kr (uansett størrelse).
Jakken kan prøves i et lite utvalg av dame og herre størrelser på Dølemo Snarkjøp i uke 2 og 3.
Lurer du på noe så ta kontakt Elisabeth Espebu 47677918.
Bestilling blir gjort på butikken, eller ved å kontakte Elisabeth.

Nyttårsløpet

Då er Nyttårsløpet 2017 over. Det har vore mykje arbeid og ein del usikkerhet med tanke på været. Men heldigvis gjekk det greit, og løpet blei gjennomført etter planen. I overkant av 30 stk. stilte til start, noe som er bra med tanke på usikkerheten rundt gjennomføringa av arr.. Vi hadde deltakarar langvegs frå, små ungar i løp for fyrste gong, unge og gamle, aktive og mosjonistar som konkurrerte sammen.  Det er dette som gjør det verdt på arrangere. I tillegg var det litt snø i lufta og 2-3 minusgrader som laga ei fin ramme rundt løpet.
Takk til deltakarar, funksjonærar og tilskodarar.
Resultater: Nyttårsløpet Dølemo 30.12 2017

Nyttårsløp

Dølemo IL satser på å arrangere nyttårsløp skøyter.

Arrangeres lørdag 30. desember med start 15.00

Første distanser 500 og 100 meter, 2. distanse valgfritt.

Påmelding til Aslak Homdal på epost: aslak.homdal@vabb.no eller sms på tlf 975 26732 innen torsdag 28. des.

Værforbehold, noe usikre værmeldinger framover med mye mildvær.

Grødumløpet


Laurdag 16.12 arrangerte Arendal Skøiteklub Grødumløpet for andre gong i historien. Dette er eit skøyteløp som den tidlegare toppløparen Øystein Grødum tok initiativ til å starte. Dølemo IL stilte med 4 løparar. Emily, Odin, Jonas og Even gjorde alle ein kjempe innsats.
Emily: 500m: 52,07 – 1500m: 3.01,17
Odin:   100m: 15,97 –   500m: 1.12,48
Jonas:  100m: 18,14 –   500m: 1.34,67 (fall)
Even:   100m: 15,95 –   500m: 1,21,37
Øvrige resultater: Grødumløpet 16.1 2017

Nissemarsj

Tysdag 12.12 blir det arrangert Nissemarsj på Dølemo. Det blir felles start frå Dølehall kl. 18.00. Så går vi en tur på ca. 30 min. før me avslutter med graut m/mandel.
Håper mange, både store og små, tek seg tid til ei hyggelig førjulssamling.

Skøytebane og lysløype


Då begynner isen å bli klar til bruk. Litt arbeid gjenstår, men slik den ligger nå er den godt brukande til mosjon.
Det er også tråkka såle i lysløypa, men det er for lite snø til å legge spor.
Oppdateringer vil komme når forholda endrar seg.
Velkommen

Sandnesgauken


Sindre, Emily og Odin var ein tur til Stavanger i helga (25. og 26.11) for å delta i Sandnesgauken. Odin deltok i rekrutt klassa, Emily i jenter 12 år og Sindre i junior A/senior klassa. Alle tre gjekk to løp pr. dag. Sindre vant alle fire løpa og Emily sine to 500m. God helg for DIL.
Odin:
500m: 1.10,18 – 1.11,00
400m: 56,85 – 58,07
Emily:
500m: 51,70
1500m: 3.05,09
500m: 51,84
1000m: 1.52,57
Sindre:
500m: 37,77
1500m: 1.56,57
500m: 38,36
1000m: 1.14,87
Alle resultat sjå speedskating.com

Odalsskøyta


Emily var avgårde til Hamar i helga, der ho deltok i skøyteløpet Odalsskøyta. Emily stilte i klassa jenter 12 år. Ho oppnådde to tredjeplassar, ein sjette og ein åttande plass. Samanlagt ga dette ein fin 4. pl. Neste utfordring blir Sandnesgauken som gjeng av stabelen 24. og 25. nov.
Laurdag: 500m:   51,53 (pr) – 3. pl.
1000m: 1.54,37 – 6. pl.
Søndag: 500m:     52,43 – 3. pl.
1500m:   2,56.25 – 8. pl.