
Då nærmar det seg slutten på sykkelsesongen 2017. Men før me gir oss heilt for sesongen i DIL, vil me arrangere eit par tempoar.
Fredag 15. september: 5 og 10 km. Alle klasser.
Onsdag 20. september: 5, 10 og 20 km. Alle klasser.
Begge dagane med start kl. 18.00 frå Dølehall.
Påmelding til Aslak Homdal, tlf. 975 26 732, eller påmelding på plassen inn til 30 min. før start.
Velkomne skal dykk vere.





Det er rart med det, men når det blir for lenge mellom ting som skjer, får ein lyst til lage til noko sjølv. Derfor tok Sindre ein rask meldingsrunde og Laurdag 15. juni stod det ein gjeng klar til å sykle forfølgingsritt. Runden som blei sykla var rundt med Mykland, og er ca. 3,8 mil lang. Årsbeste på 10 km tempo ganga med 4 blei lagt til grunn som utgangspunkt for startider. I år blei det veldig jevnt. Ein gjeng på 3 stykker låg i tet då Bjørn Notto og Sindre kom dampande 2,5 km før mål. Dermed blei det spurtoppgjør. Her trakk Sindre det lengste strået, med Terje Føreland på andre og Vilde Baas på tredje.



