Norgescup 1 på skøyter

26. og 27.10 blei sesongens fyrste norgescup på skøyter arrangert i Stavanger. Sindre Baas representerte Dølemo IL. Fjorårets sesong var litt trøblete for Sindre, men har gjennom sommaren blitt betre og betre i skaden. Han har nesten fått gjort alt det han skal av treningsarbeidet. Dette viste han i helga. Her stilte han til start på 500 (37,25 og 13 pl.), 1000 (1.12,51 og 9. pl.) og 1500 (1.52,20 og 3. pl.. Tidene og plasseringane viser at han blir å regne med i toppen av resultatlistene utover i sesongen.

Jubileumsfest

Ein stor takk til alle som deltok på arrangementa dag og kveld på jubileumet til Dølemo idrettslag. Fyrst på dagen hadde vi aktivitetsdag for ungane/ungdommen for så å ha jubileumsfest på kvelden for dei vaksne. Rundt 30 – 40 stk. kom på dagen og ca. 80 stk. var påmeldt til kvelden.
Håper dei neste hundre blir like innhaldsrike.

100 års markering

Dølemo idrettslag fyller 100 år i 2019. I den samanheng vil det bli eit arrangement for barn/ungdom, samt ein jubileumsfest på kvelden, laurdag 19. oktober.

Arrangementet for barn/ungdom vil være mellom kl. 13.00 – 16.00. Her vil det bli aktivitet og noe å bite i for deltakarane. Meir info kjem.

På kvelden vil det bli arrangert jubileumsfest for dei vaksne(18 år og eldre) kl. 18.00 på Dølehall. Her vil det bli mat, taler, lotteri, musikk med Ove Støylen m.m. Arr. er gratis. (Begrensa antall på grunn av kapasiteten på Dølehall).
Påmelding innan 5. oktober til Anette Gjermones Skarmyr (959 27 885).

Trening og bading

Tysdag 9. oktober kl. 18.30 starter trening inne på Dølehall for 4. kl. og eldre opp igjen. For meir info., kontakt Inga Hillestad.
Onsdag 10. oktober 17.30 – 19.00 er det mulighet for bading i Åmli symjebasseng. For meir info., kontakt Liv Mona Føreland

Åpent klubbmeisterskap 28.9

Sesongens siste tempoløp er overstått. Værmeldinga var ikkje den beste, men når fyrste starten gjekk var det opphold, ja til og med litt sol, men litt vind. Mulig det var værmeldinga som gjorde sitt til at det ikkje stilte så mange til start, eller at det rett og slett er seint på sesongen. Men dei som møtte hadde forhåpentligvis ein fin ettermiddag på sykkelen.


Takk for årets sykkelsesong, så sjåst me igjen med skøyter eller ski på beina.

Åpent klubbmesterskap

Lørdag 28. september blir det arrangert treningstempo/åpent klubbmesterskap på sykkel med start frå Dølehall (Dølemo).
Alle klasser. Distansene er 5 og 10 km.
Første start er kl. 13.00.
Påmelding innen fredag 28.9 kl. 20.00 til Aslak Homdal
(aslak.homdal@vabb.no) eller 975 26 732).
Håper mange, ung som gammel, tar utfordringa og stiller til start.

Treningstempo

Det såg ikkje bra ut med tanke på været, men når kvelde kom sigande klarna det opp og temperaturen la seg rundt behagelige 15 grader. Dette i tillegg til at vinden var fråverande gjorde sitt til at forholda var gode. Været gjorde nok sitt til at det var noen som ikkje tok turen til Dølemo denne kvelden, men likevel stilte 14 stk. til start.
Vel blåst igjen av arrangørstaben.

Treningstempo

Onsdag 11. september blir det arrangert treningstempo på sykkel med start frå Dølehall (Dølemo). Distansene er 5, 10 og 20 km.
Første start er kl. 18.00.
Påmelding innen måndag 9.9 kl. 20.00 til Aslak Homdal 
(aslak.homdal@vabb.no) eller 975 26 732).
Håper mange prøver seg på sykkelen, for dette kan fort vere sesongens siste individuelle tempo i DIL sin regi.

Sommertempo

Tysdag 23. juli blir det arrangert treningstempo på sykkel med start frå Dølehall (Dølemo). Distansene er 5, 10 og 20 km. Første start er kl. 18.00.
Påmelding innen måndag 22.7 kl. 20.00 til Aslak Homdal 
(aslak.homdal@vabb.no) eller 975 26 732)

sdr

Klubbmeisterskap på sykkel

På, til nå, varmaste dagen i sommer blei klubbmeisterskapet på sykkel arrangert. Igjen så blei det ein dag fylt med fart og spenning. KM blei innleda med ein prolog som skulle vise seg å bli veldig jamn. Sindre Baas og Peder Kongshaug delte til slutt seieren på tida 2.17 min.. Dette var 1 sekund bak løyperekorden. Av jentene var det Vilde Baas som var raskast med Thea Baas på ein fin andreplass. Prologen er kun 1.3 km lang, men den koster likevel mykje med tanke på all syra ein opparbeider seg. Ca. 1 time etter sistemann var i mål på prologen, gjekk starten på 3,8 mil fellesstart. Her blei det som forventa litt luresykling undervegs. Mykje rykk og napp sykling. Teten utkrystaliserte seg etter Lauvrak. I bakken opp frå Lauvrak blei det ei luke til Thomas H. Søfteland. Kun Sindre greide å tette luka, og dermed var det duka for eit oppgjer dei imellom. Sindre viste seg å vere sterkast på slutten, og blei årets klubbmeister 2019. Vilde og Thea sykla saman i ei gruppe på fire. Dei kom inn ca. 20 min. bak teten. Ein kjempeinnsats av alle på ein varm og god dag.
Etter løpet blei det mat og drikke, som Elisabeth Espebu, Mette Føreland, Jonas Baas, Nadia Baas og Solveig Føreland hadde stelt i stand. Desse stod også for oppryddinga etterpå. Takk også til Aslak Homdal, Trond Kristensen, Erik, Sigmund Sandhaug og Jon Skarli for gjennomføring av sjølve konkurransen.
Velkomen igjen neste sommer!
Resultater og statistikk:

Sandefjord inlineløp og Birkenesrunden

Bildet kan inneholde: 2 personer, personer smiler, folk som står, sko, shorts og utendørs
Stella Nilsen og Emily.

Laurdag 15. juni deltok Emily Plozicki på inlineløp i Sandefjord. Her gjekk ho 500 og 3000 m i klasse jenter 13 – 16 år. Emily fekk med seg to fjerdeplasser heim. Bra innsats.
Resultater:
https://drive.google.com/file/d/1BQlGAMeiOaoFFXxcfuWrAdwdh7mJ1lYP/view

Sindre etter målgang.

Søndag 16. juni blei Birkenesrunden arrangert. Dølemo stilte med fire rytterar (Rolf Grude, Stian Flaten, Stijn Peeters) og Sindre). Sindre initierte eit brudd ca. ei mil før mål, der han sjølv vant spurten, og dermed årets utgåve av Birkenesrunden..