Nyttårsløp


Eit fint knippe deltakarar.

31.1 arrangerte DIL det tradisjonelle nyttårsløpet. Så mange som 42 stk. stilte til start. Mildvær om dagen og natta før satte løpet i fare, men på morrakvisten kom kulda kulda og isen kunne preparerast og gjøres klar til løp. Det blei ein fantastisk dag med sol og flott is. Det blei servert pølser, saft og kaffi til alle som ville ha.
Takk til alle som hjelpte til og stilte til start.
Resultater: https://speedskatingresults.com/index.php?p=12

Nissemarsj

Tysdag 14. oktober blir det arrangert Nissemarsj. Starten gjeng frå Dølehall kl. 18.00. Etter marsjen blir det servert graut m/mandel. Planen er å servere utandørs i gapahuken, men er ikkje været med oss blir det innandørs på Dølehall.
Velkomen til alle.

Solsnuløpet (Skirenn)

Laurdag 18.12 blir det arrangert skiløp på Hillestadheia. Løpet har fått namnet «Solsnuløpet» og er eit skiløp på idealtid. Det blir gått to runder. Fyrste runden starter kl. 13.00 og andre runde 14.00. Det gjelder å gå desse to rundane på så lik tid som mogleg. Dette er eit minneløp for mangeårige formann i idrettslaget Torstein Håkedal.

NC 2 på skøyter

Vilde i aksjon på sin 500 m (Foto: EF sportsfoto)
Sindre i farta (Foto: EF sportsfoto)

Helga 30. og 31. oktober blei NC 2 arrangert i Hamar. Vilde og Sindre var på plass. Dette var fyrste konkurransen etter NC 1. Sindre fekk luftveisinfeksjon under NC 1, noe som har ført til at trening igjen måtte legges litt på is. Han prøvde seg likevel i helga. 1500 m blei litt tung med tida 1.54,11 (16. pl.). Søndagen gjekk betre, her blei det 37,05 (10 pl.) på 500 m og 1.12,20 (10. pl.) på 1000 m. Nå håper Sindre på ein forhåpentligvis god treningsperiode fram til jul uten skader eller sjukdom.
Vilde gjekk 500 på laurdag på 42,13 (5. pl.). Søndag stilte Vilde på 500 m og gjekk like godt inn til ny pers. på 41,73 (4. pl.). På 1000 m endte ho opp med tida 1.25,89 (7. pl.).