Skøyteløp

Laurdag 20.1 blei det endelig arrangert eit skøyteløp på Dølemo skøytebane. Det har vore eit litt utfordrande vær slik at vi ikkje har fått arrangert løp før nå. Været var ikkje heilt med oss denne gongen heller. Det var rundt minus 6 og vindstille, men eit lett snøvær gjorde sitt til at mannskapet med snøskyflane hadde nok å gjør. Til tross for lett snøvær var isen og forholda heil greie. Mange møtte enten for å delta eller sjå på. 39 stk. stilte til start. Det var mange gode prestasjonar. Alt frå deltakarar som starta i løp for fyrste gong til dei meir erfarne. Ein av dei betre prestasjonane stod Vilde for då ho greide å slå banerekorden på 500m med tida 40,95. Det blei servert litt å bite i og noe å drikke til. Alt i alt ein triveleg dag på isen.
Takk til alle som stilte opp for å delta, sjå på eller arrangere.
Laurdag 20.1 blei det endelig arrangert eit skøyteløp på Dølemo skøytebane. Det har vore eit litt utfordrande vær slik at vi ikkje har fått arrangert løp før nå. Været var ikkje heilt med oss denne gongen heller. Det var rundt minus 6 og vindstille, men eit lett snøvær gjorde sitt til at mannskapet med snøskyflane hadde nok å gjør. Til tross for lett snøvær var isen og forholda heil greie. Mange møtte enten for å delta eller sjå på. 39 stk. stilte til start. Det var mange gode prestasjonar. Alt frå deltakarar som starta i løp for fyrste gong til dei meir erfarne. Ein av dei betre prestasjonane stod Vilde for då ho greide å slå banerekorden på 500m med tida 40,95. Det blei servert litt å bite i og noe å drikke til. Alt i alt ein triveleg dag på isen.
Takk til alle som stilte opp for å delta, sjå på eller arrangere.

Hamarleikane

5. og 6. januar blei Hamarleikane på skøyter arrangert i Vikingskipet på Hamar. Dette er eit av dei store løpa for aldersbestemte klasser. DIL stilte med Jonas på startstreken. Han deltok i sprint firkamp. Han gjorde fire fine løp. Dag 1 fekk han tiden 45,24 (500m) og 1.33,33 (1000m). Dag 2 gjekk endå betre tidsmessig, Då blei det pers. på både 500m og 1000m med tidene 44,70 og 1.31,95. Men så viste det seg at han hadde kryssa midtlinja mellom banane 4 gonger på oppløpssida på siste distansen, 1000 m, noko som ikkje er lov i følge reglementet. Surt, med tanke på at han blei diska frå ein medaljeplass i klassa si. Men det kjem fleire sjanser, så det er bare å stå på.

Nissemarsj

Tysdag 12.12 arrangerte Barne og aktivitetsgruppa i DIL Nissemarsjen. Dette arrangementet er juleavslutninga til barne og ungdomstrimmen. Moro var det at det møtte rundt 40 stk., og mange av desse utkledd som nisser, stilte opp for å gå i fakkeltog, før det blei blei servert graut, saft, klementiner og kaffi. Det var selvfølgelig lagt eit par mandler i grauten som eit par unger fekk gleden av å få. Kvelden blei avslutta med leik og moro både på og av skøytebanen. Takk til frivillige som stilte opp og gjorde dette til ei fin kveld.

Sesongstart på skøyter

Då er skøytesesongen i gang for fullt. Fram til nå har det vore trening og testløp. Det har vore ein litt vanskeleg inngang på sesongen med tanke på at innandørshallane i Stavanger og Hamar som har vore stengt fram til nå på grunn av reparasjonar. Dette har for Sindre sin del, og andre med han, ført til mindre is, og for Vilde, som har vore med landslaget, ført til mykje reising.
NM 28. og 29. 10: Denne sesongen blei NM arrangert i Bjugn. Dølemo stilte med Sindre og Vilde. Sindre måtte stå over på grunn av rygg problem som dukka opp litt over ei veke før NM helga. Vilde starta med 2×500 m på laurdag. Gjekk ikkje heil optimalt, men endte opp med ein god 4. plass, 2 tidel bak 3. plassen etter 2 stk. 500 m. 1000 m endte med 8. plass.
NC2 4. og 5.11: Helga etter var det tid for NC 2 i Stavanger. Her sette Vilde pers på 500 m med 40.62 og kapra med det den fyrste NC seieren til DIL. På 1000 m fekk ho 5. pl. med tida 1.22,98. Vilde blei med dette uttatt til WC for neo senior i Baselga de Pine og Collalbo. Sindre starta på 500 og 1000 m. Ennå kjenning med ryggen, men gjennomførte to ok løp på årsbeste med 37,33 (4. pl.) og 1.13,66 (8. pl.).
Flikkerud løpet 11. og 12.11: Her starta Sindre og Jonas. Sindre gjorde nye framskritt med å gå 500 m på årsbeste med 37,15 (1. pl.) og 1000 m på 1.13.73. Jonas gjekk også ein god 500 m på tida 45,23 (2. pl. i klassa si) som er ny personlig rekord. Det blei pers. på 1000 m også med tida 1.35,26.
Resultater ligger på; https://speedskatingresults.com/

Bading

Kvar onsdag frå og med 20. oktober frå kl. 17.30 til 19.00 er det mulighet for medlemmar i DIL å bade i Åmli symjebasseng. Barn må ha med seg ein vaksen. For meir info., kontakt Ann Karla Kristiansen.

Tempo

Onsdag 19.7 blei den tredje treningstempoen arrangert. Forholda må ha vore gode, for det blei sykla fort. Moro var det også at det var ein auke i antal deltakarar.
I oversikten som blei publisert, så skulle neste tempo ha vore 2.8. Denne er avlyst. Neste tempo blir derfor onsdag 16.8.
Resultater:

Tempo

Minner om treningstempo i morgen, onsdag 19.7, med første start kl. 18.00.

Distanser: 5, 10 og 20 km. Alle klasser.

Påmelding til Aslak Homdal (975 26 732).

Klubbmeisterskapet

Laurdag 8.7 blei årets klubbmeisterskap avvikla i eit nydeleg vær. 14 stk. med smått og stort stilte til start. Både været og innnsatsen til deltakarane var topp. Både prolog og fellesstart blei avvikla på ein god måte. Mellom prologen og fellesstarten blei barneløpet avvikla. Etter løpet blei det servert mat og drikke til både deltakarar, arrangør og publikum.
Takk til alle for ein triveleg dag.

Åpent klubbmesterskap

Det vil bli arrangert åpent klubbmesterskap på sykkel lørdag 8. juli med første start fra Dølehall kl. 13.00.
Påmelding innen fredag 7. juni til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller mobil: 975 26 722.
Klubbmesterskapet består av prolog Dølehall – Eppelandskrysset
(ca. 1,5 km), deretter fellesstart Mykland rundt (ca. 38 km). Bonussekund fellesstart 10-5-3-2-1 sekund til nr. 1 til 5.
Alle klasser (dei yngste sykler bare prologen eller eget løp på plassen)
Det vil bli litt å bite i etter løpet.
Håper mange stiller enten som utøver eller som tilskuer.

Foto: Olav Eppeland

Forfølgelsesritt

Minner om forfølgelsesritt onsdag 28.6 kl. 18.00. Ca. 40 km med utgangspunkt i oppnådd tid på10 km tempo. Så dette passer uansett nivå. Om dere ikke har sykla tempo 10 km, fikser vi starttid. Påmelding til Aslak 975 26 732 innen tirsdag.

Treningstempo

Onsdag 14.6 bei den andre treningstempoen for sesongen arrangert. Med veldig fint vær og lite vind, var forholda gode. Eit lite minus var at vegvesenet hadde gravd opp vegen tre plasser rett etter kvarandre samme dagen. Passeringa av desse områda gjekk greit. Takk til dei som møtte denne fine sommerkvelden.

Resultater:

Treningstempo

31.5 blei den fyrste treningstempoen for sesongen arrangert. Det var varmt og fint vær, men litt vind gjorde tilbaketuren litt tyngre.
Neste treningstempo blir onsdag 14. juni.

Resultater

Tempoløp 31.05.2023
5 km
Johanne RamseDILFullført
Sanna Skarli NilsenDIL15,23
Hedda Skarli NilsenDIL14,13
Synne RamseDIL14,10
Kaja Skarli NilsenDIL12,34
Vilde RamseDIL14,24
Ida Gj. SkarmyrDIL10,33
10 km
1Åsmund SivertsenBirkenes13,29
2Bjørn Notto EppelandDIL14,00
3Andreas SivertsenBirkenes15,04
4Eivind BaasDIL16,02
5Bjørn Gunnar BaasDIL16,46
6Jonas BaasDIL17,51
7Thea BaasDIL19,26

Treningsløp på sykkel

Da er det tid for noen treningsløp på sykkel. Første løp er onsdag 31. mai kl. 18.00 med start frå Dølehall. Distanser: 5, 10 og 20 km. Påmelding til Aslak Homdal (mld. til 975 26 732 eller mail til aslak.homdal@vabb.no)

Vi har satt opp følgende terminliste på Dølemo:
Tempo: 31.05 – 14.06 – 19.07 – 02.08 – 16.08 (start kl. 18.00 frå Dølehall)
Forfølgelsesritt Mykland rundt: 27.06 (start kl. 18.00 frå Dølehall)
Klubbmesterskap: 09.07 (start kl. 13.00 frå Dølehall)