På onsdagane framover vil det bli gjort eit forsøk på å ha ein felles tur på landevegssykkelen. I fyrste omgang vil det vere snakk om turar på
ca. 1.30 t. Me avtalar før start korleis me organiserer turen. I utgangspunktet er dette meint for 12-13 åringar og eldre, men det er ingenting i vegen for at yngre også er med å syklar, men dei må ha ein vaksen med seg.
Tid: 17.30
Stad: Dølehall
Forfatter: Eivind Baas
Aktiv helg
Denne helga (27. – 28.5) har DIL hatt medlemmar i aksjon fleire plassar. Laurdag deltok Terje, Sindre, Bjørn Notto, og Tom Helge i sykkelløpet Kristiansand – Hovden. Eivind deltok i motbakkeløpet Skuggeknatten opp i Treungen, og til slutt, Simen Johnsen var i Tønsberg på sykkelløpet Tønsberg 3 dagers. Moro at medlemmer er ute og deltek på ulike arrangement.
Regionsmeisterskapet sør 2017
20. – 21. mai blei RM sør arrangert i regi av Grimstad sykkelklubb. Dølemo stilte med 3 stk. på tempoen laurdag og 5 stk. på fellesstarten sundag. Det blei litt blanda drops denne helga, men fint vær og godt humør gjorde sitt til at alle koste seg. På «fortsett å lese» under, kan de sjå litt bilete frå løpet.
Resultater: RM sør tempo og RM sør felles
Treningstempo
Årets fyrste treningstempo blei arrangert torsdag 11.5. Været var ikkje det beste. Sjølv med med regn i lufta og rundt 8 grader, var det likevel mange som fant vegen til Dølemo. Aslak hadde full kontroll på klokka og resultata. Kort tid etter løpet kom resultata på mail, og dei kan du sjå her:
Tempo 2017
Bestenoteringer kan du lese her:
Bestetider tempo
Bukken Bruse
Då var sesongens fyrste sykkelløp overstått. Sindre, Vilde, Eivind, Tom Helge og Bjørn Notto stilte til start i ein ny, fin og fartsfylt trasé. I år var det inndelt i 4 felt. Alle felta var stort sett samla inn til bakken frå søre Herefoss, over til Grøsle. For Dølemo sitt største håp blei det også tungt i bakken her, og måtte slippe teten i gruppe 1. Ei lita stund etter bakken kvikna beina til igjen, slik at avstanden til vinnaren blei 50 sek. i mål. Dei andre dølemoryttarane kom inn sammen med hovudfelta. Moro å vere igang igjen. Takk til Grimstad for eit fint arrangement.
Resultater: Bukken Bruse
Årsmøte
Det blir årsmøte i Dølemo IL 29.3 kl. 19.00.
Saker
1. Åpning
2. Godkjenning og innkalling av saksliste
3. Val av møteleiar og skrivar
4. Val av 2 representantar til å underskrive protokoll
5. Årsmeldingar
6. Rekneskap
7. Investeringar
– Ny traktor
8. Medlemskontingent
9. Aktivitetar -16/-17
10. Innkomne saker
11. Budsjett
12. Val
Siste skøyteløp
F.v: Simen, Jonas, Even, Eily og Odin
Litt seint, men 2. mars blei det sesongens siste skøyteløpet arrangert i Arendal. Forholda var fine, og mange løparar, spesielt unge, stilte til start. For DIL stilte det 6 stk. Jonas Baas, Even Føreland, Simen Johnsen, Emily Plozicki, Odin Plozicki og Sindre Baas. Moro at så mange frå DIl stilte, og fleire skal det bli.
Resultater: http://www.arendal-sk.no/images/Resultatliste_170302.pdf
2. renn i Telenorkarusellen
Nok eit fint skirenn i Telenorkarusellen blei avvikla på Hillestadheia idag, laurdag 11.3. Været kunne ein ikkje klage på. Strålande sol, kjempefine løyper, pølser og saft gjorde dagen til det den blei. 27 ungar stilte til start. Moro å sjå så mange ha det moro på ski.
Takk til Hillestadheia AS for flotte løyper og til skigruppa i DIL for eit fint arrangement.
Resultater: Fortsett å lese «2. renn i Telenorkarusellen»
Vikingrace
3. og 4. mars deltok Vilde i Vikingrace. Dette er eit internasjonalt stemne som blir arrangert i Nederland. Vilde hadde ein god 1. dag der ho sette ny kretsrekord for 15 åringar med tida 42.83 på 500 m, noko som hold til ein 10. plass på distansen i 15 års klassa. Samanlagt etter 3 distanser kom ho til slutt på ein 13. plass i klassa si, og blei med det beste norske i jenter 15 år.
Resultater: http://www.speedskatingresults.com/index.php?p=5&e=17716&gi=2&g=0
Telenorkarusellen
I helga, laurdag 4. mars, blei det arrangert Telenorkarusell på Hillestadheia. Mange møtte opp, noko som er moro som arrangør. Skigruppa gjorde ein kjempejobb for at dei frammøtte skulle få ei fin oppleving i løypene. Neste Telenorkarusell blir laurdag 11.3 kl. 12.00 på Hillestadheia.
Resultater:
200 m
Astrid Johansson 2014 Deltatt
Ingrid Johansson 2011 Deltatt
Tiril Ramse-Aamlid 2010 15.22
Helle Ramse-Aamlid 2013 Deltatt
Isabelle Skjelbred-Lahn 2011 Deltatt
Mari Kvien Svendsen 2011 Deltatt
Ada Gangsei Lindtveit 2013 Deltatt
Synne Ramse 2012 Deltatt
Vilde Ramse 2011 Deltatt
Johan Olstad 2012 Deltatt
Helena Isaksen 2012 Deltatt
Elsa S-Holm 2012 Deltatt
1,65km (1 runde)
Tone Olstad 2007 10.39
Fredrik Kvien Svendsen 2008 08.24
Ellinor Gangsei Lindtveit 2010 18.02
Even Føreland 2009 12.07
Odin Plozicki 2008 13.50
Henriette Olstad 2009 16.04
Nikolai Isaksen 2009 Deltatt
Oscar S-Holm 2009 Deltatt
3.3 km (2 runder)
Magne Olstad 2004 18.44
Herman Gundersen 2004 Deltatt
God norgescup
Vilde deltok i norgescup på skøyter i Vikingskipet 25. og 26. mars. Vilde deltok i firkamp sprint i junior klassa. Ho oppnådde til slutt ein 2. plass samanlagt. Neste oppgåve for Vilde er Vikingrace i Nederland 3. og 4. mars. DIL ønsker lykke til.
Les meir resultater her:
http://www.speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=17636
Sesongen over
Då er definitivt sesongen for Dølemo skøytebane over. Dølemo IL takker alle for noko som etterkvart blei ein brukbar sesong. Det blei aldri så stabil kulde at me fekk streka opp bane, men isen har vore fullt ut brukbar, og mange har vore å brukt den.
Det siste som skjer på skøytefronten er klubbløp i Arendal 2. mars. Håper mange stiller opp.
Takk for ein god skøytesesong.
Fine forhold
Fantastisk jobbing av Bjørn Gunnar og Sigmund. Bortimot perfekte forhold i løyper og på skøytebane. Nå er det viktig å gjøre seg nytte av det. Ein veit aldri kor lenge det varer.
Ny skøytetrikot
Sindre i farta med ny trikot på sin 5000m under jun. NM
Dølemo IL har kjøpt inn nye lags skøytetrikoter.
Laget er så heldige at BAAS Entreprenør AS (hovudsponsor), Mezina og Snarkjøp er med på laget som sponsorar.
Nye topplasseringer til Vilde
Vilde på pallen etter 500 m.
Vilde gjorde sine saker bra i LM i Drammen helga 10., 11. og 12. februar. LM er skøyteungdommens svar på NM. Dette er eit meisterskap skøyteløparane blir kvalifisert til gjennom oppnådde tider i sesongen. Fredag innleia ho meisterskapet med å ta gull på 500 m, ho fulgte opp med bronse på laurdagens 1500 m og avslutta med sølv på 1000 m og 4. plass på 3000 m sundag. Alt i alt mange gode opplevingar å ta med seg i kofferten heim.
Les meir om LM her: http://www.drammenssk.org/