Bukken Bruse

Då var sesongens fyrste sykkelløp overstått. Sindre, Vilde, Eivind, Tom Helge og Bjørn Notto  stilte til start i ein ny, fin og fartsfylt trasé. I år var det inndelt i 4 felt. Alle felta var stort sett samla inn til bakken frå søre Herefoss, over til Grøsle. For Dølemo sitt største håp blei det også tungt i bakken her, og måtte slippe teten i gruppe 1. Ei lita stund etter bakken kvikna beina til igjen, slik at avstanden til vinnaren blei 50 sek. i mål. Dei andre dølemoryttarane kom inn sammen med hovudfelta. Moro å vere igang igjen. Takk til Grimstad for eit fint arrangement.
Resultater: Bukken Bruse

Årsmøte

Det blir årsmøte i Dølemo IL 29.3 kl. 19.00.

Saker
1. Åpning
2. Godkjenning og innkalling av saksliste
3. Val av møteleiar og skrivar
4. Val av 2 representantar til å underskrive protokoll
5. Årsmeldingar
6. Rekneskap
7. Investeringar
– Ny traktor
8. Medlemskontingent
9. Aktivitetar -16/-17
10. Innkomne saker
11. Budsjett
12. Val

Siste skøyteløp


F.v: Simen, Jonas, Even, Eily og Odin
Litt seint, men 2. mars blei det sesongens siste skøyteløpet arrangert i Arendal. Forholda var fine, og mange løparar, spesielt unge, stilte til start. For DIL stilte det 6 stk. Jonas Baas, Even Føreland, Simen Johnsen, Emily Plozicki, Odin Plozicki og Sindre Baas. Moro at så mange frå DIl stilte, og fleire skal det bli.
Resultater: http://www.arendal-sk.no/images/Resultatliste_170302.pdf

2. renn i Telenorkarusellen

Nok eit fint skirenn i Telenorkarusellen blei avvikla på Hillestadheia idag, laurdag 11.3. Været kunne ein ikkje klage på. Strålande sol, kjempefine løyper, pølser og saft gjorde dagen til det den blei. 27 ungar stilte til start. Moro å sjå så mange ha det moro på ski.
Takk til Hillestadheia AS for flotte løyper og til skigruppa i DIL for eit fint arrangement.
Resultater: Fortsett å lese «2. renn i Telenorkarusellen»

Vikingrace

3. og 4. mars deltok Vilde i Vikingrace. Dette er eit internasjonalt stemne som blir arrangert i Nederland. Vilde hadde ein god 1. dag der ho sette ny kretsrekord for 15 åringar med tida 42.83 på 500 m, noko som hold til ein 10. plass på distansen i 15 års klassa. Samanlagt etter 3 distanser kom ho til slutt på ein 13. plass i klassa si, og blei med det beste norske i jenter 15 år.
Resultater: http://www.speedskatingresults.com/index.php?p=5&e=17716&gi=2&g=0

Telenorkarusellen

I helga, laurdag 4. mars, blei det arrangert Telenorkarusell på Hillestadheia. Mange møtte opp, noko som er moro som arrangør. Skigruppa gjorde ein kjempejobb for at dei frammøtte skulle få ei fin oppleving i løypene. Neste Telenorkarusell blir laurdag 11.3 kl. 12.00 på Hillestadheia.
Resultater:
200 m
Astrid Johansson             2014   Deltatt
Ingrid Johansson             2011   Deltatt
Tiril Ramse-Aamlid         2010   15.22
Helle Ramse-Aamlid        2013   Deltatt
Isabelle Skjelbred-Lahn   2011   Deltatt
Mari Kvien Svendsen       2011    Deltatt
Ada Gangsei Lindtveit      2013   Deltatt
Synne Ramse                    2012   Deltatt
Vilde Ramse                      2011   Deltatt
Johan Olstad                     2012   Deltatt
Helena Isaksen                 2012   Deltatt
Elsa S-Holm                     2012   Deltatt

1,65km (1 runde)
Tone Olstad                      2007   10.39
Fredrik Kvien Svendsen   2008   08.24
Ellinor Gangsei Lindtveit 2010   18.02
Even Føreland                  2009   12.07
Odin Plozicki                    2008   13.50
Henriette Olstad              2009   16.04
Nikolai Isaksen                2009   Deltatt
Oscar S-Holm                  2009   Deltatt

3.3 km (2 runder)
Magne Olstad                  2004   18.44
Herman Gundersen         2004   Deltatt

Sesongen over

Då er definitivt sesongen for Dølemo skøytebane over. Dølemo IL takker alle for noko som etterkvart blei ein brukbar sesong. Det blei aldri så stabil kulde at me fekk streka opp bane, men isen har vore fullt ut brukbar, og mange har vore å brukt den.
Det siste som skjer på skøytefronten er klubbløp i Arendal 2. mars. Håper mange stiller opp.
Takk for ein god skøytesesong.

Fine forhold


Fantastisk jobbing av Bjørn Gunnar og Sigmund. Bortimot perfekte forhold i løyper og på skøytebane. Nå er det viktig å gjøre seg nytte av det. Ein veit aldri kor lenge det varer.

Ny skøytetrikot


Sindre i farta med ny trikot på sin 5000m under jun. NM
Dølemo IL har kjøpt inn nye lags skøytetrikoter.
Laget er så heldige at BAAS Entreprenør AS (hovudsponsor), Mezina og Snarkjøp er med på laget som sponsorar.

Nye topplasseringer til Vilde


Vilde på pallen etter 500 m.
Vilde gjorde sine saker bra i LM i Drammen helga 10., 11. og 12. februar. LM er skøyteungdommens svar på NM. Dette er eit meisterskap skøyteløparane blir kvalifisert til gjennom oppnådde tider i sesongen.  Fredag innleia ho meisterskapet med å ta gull på 500 m, ho fulgte opp med bronse på laurdagens 1500 m og avslutta med sølv på 1000 m og 4. plass på 3000 m sundag. Alt i alt mange gode opplevingar å ta med seg i kofferten heim.
Les meir om LM her: http://www.drammenssk.org/

Vilde vant

Vilde gjorde ein fin første dag av LM på skøyte, som i år går i Drammen Med tida 44,97 vant ho 500m for J15. Med denne tida hadde ho også vunnet J16, så det var eit løp Vilde har grunn til å vere fornøgd med.
DIL gratulerer.

9. plass til Sindre i NM jun.


Sindre med deltagerpremie.
Sindre var til Stavanger i helga for å delta i NM jun. allround på skøyter.  Han endte på 9. plass etter serien;
500m: 38,51
1500 m: 1.57,70
3000 m: 4.15,54
5000 m: 7.32,19
Dette var 3 bestenoteringer, ein av dei 5000 m som han gjekk for fyrste gong.

Skøyteløp i Arendal

Torsdag 2. februar er det på nytt skøyteløp i Arendal for alle klasser. Distansane du kan gå er 100, 500, 1000 og 3000 m.
Eivind skal ned med Vilde. Her er det plass til 5 til som Eivind kan ta seg av på banen. Nå har det blitt litt skøyter slik at me håper noken blir med. Meld til Eivind (950 27 405) viss det er noken som vil med.

God helg i Tønsberg

28. – 29. januar var Vilde og Emily avgårde på Vikingløpet i Tønsberg. Dette er eit løp der det er mogleg for løparane mellom 12 og 16 år å kvalifisere seg til Vikingrace i Nederland. Emily starta i år i 11 års klassa. Ho oppnådde 3 andreplasser på 500m og 1 sjetteplass på 1000 m. Med dette endte ho på 2. plass samanlagt. Vilde gjennomførte årsbeste, og vant to 500 m, 4. pl. på 1000 m og 5. pl. på 1500 m. Dette var for Vilde sin del oppløftande resultater. Nå er det bare å glede seg til LM som er om 14 dagar i Drammen.
Sjå meir resuultater her: Speedskating.com

NB. Sindre startar i junior NM allround i Stavanger til helga.