Barnetrim og trening

Tysdag 7.november kl. 17.30 starter vi opp igjen med barneidrett på Dølehall. Alle barn opp til og med 4. klasse er hjertelig velkomne til leik, aktiviteter og moro kvar tysdag framover.
Helsing Morten, Anette & Anette.

Det vil også vere trim/trening for 5. klasse og eldre tysdagar frå kl. 18.30
Helsing Inga.

NM enkeltdistanser på skøyter

26.-28.10 blei NM enkeltdistanser for seniorar arrangert i Sørmarka arena i Stavanger. Sindre og Vilde hadde kvalifisert seg for NM gjennom gode løp i norgescupen helga før. Begge presterte godt og sette nye personlege rekordar. Moro var det også at Arendalsløparane Pål Myhren Kristensen satte nye solide persar, og Thomas Henrik Søfteland og Simen Spieler Nilsen kvalifiserte seg til WC deltaking gjennom løpa sine.
500 m:
Sindre: 38,32 og 37,57 (14. pl.)
Vilde: 42,66 og 42,75 (8. pl.)
1000 m:
Sindre: 1.14,77 (16. pl.)
Vilde: 1.28,52 (9. pl.)
1500 m:
Sindre: 1.55,64 (25. pl.)
Vilde: Fall

Stavanger Open

Andre løpet for denne skøytesesongen er unnagjort. Emily, Odin og Vilde stilte til start for DIL. Sindre blei dessverre sjuk på torsdagen, og måtte stå over helgas løp. Alle tre som starta for DIL koste seg på isen, og viste at dei er i rute, og klar for vinterens aktiviteter på is.
Moro var det også at me traff andre Dølemo folk i Sørmarka arena. Fam. Skarli var godt repr. med Jon Skarli, Anette (barn), Kaja (barnebarn) og Sondre (barn og landslagstrener). Dei fekk prøve isen og samtidig oppleve gode prestasjoner av Sondre sine utøvarar, som leverte tider som teiknar godt for komande sesong.
Resultater Stavanger Open

WC Stavanger 17.-19. november 2017

Bli med til WC skøyter i Stavanger. Dette er et stevne med både sprint og allround. Vi håper på flere lokale deltakere. Både Simen Spieler Nilsen, Thomas Henrik Søfteland og Magnus Myhren Kristensen vil sannsynligvis delta. I tillegg har vi Hege Bøkko, som bor i Arendal. Så er jo landslagssjef Sondre fra Dølemo.
Les mer her: World Cup Stavanger 2017

 

Sesongens siste tempo

Forholda var nok ikkje dei beste for dei 19 som stilte til start på tempoen onsdag 20.9. Skikkeleg haustvér med regn i lufta og litt drag i vinden gjorde at forholda føltes tunge. Men mulig det bare var ein følelse, for likevel gjekk det fort for noen.
Takk for i år, og velkommen igjen neste sesong.

Resultater og stitistikk:
Bestetider tempo
Tempo 2017 

Treningstempo

15.9 blei den nest siste tempoen i regi av DIL arrangert. Været var upåklagelig. Eit nydeleg tempovêr og gode utøvarar gjorde sitt til at det blei sykla mange gode tider, også løyperekord blei det på mila med 12.31 av Even Fløystad. Ingvild Brattekleiv blei best av jentene med tida 15.36.
23 stk. stilte denne kvelden. Satser på endå fleire til onsdag 20.9. Då blir den siste tempoen for denne sesongen i regi av DIL arrangert.
Resultater: Tempo 2017

Bilete: Fortsett å lese «Treningstempo»

Åpent klubbmeisterskap, Birkeland IL


Tysdag 5.9 arrangerte Birkeland IL, sykkel, åpent klubbmeisterskap i tempo. DIL stilte med tempodyra Bjørn Notto og Tom Helge. Best gjorde Bjørn Notto det som sykla inn til 6. beste tid av alle med 14,04 min. på 10 km. Tom Helge sleit litt meir med å få kraft i pedalane, og endte opp med tida 14,46 som kvalifiserte til ein 13 pl.

http://birkenes-il-sykkel.idrettenonline.no/blog/post/113910/resultatliste,-apent-klubbmesterskap-tempo?ispage=true

Treningstempo


Då nærmar det seg slutten på sykkelsesongen 2017. Men før me gir oss heilt for sesongen i DIL, vil me arrangere eit par tempoar.
Fredag 15. september: 5 og 10 km. Alle klasser.
Onsdag 20. september: 5, 10 og 20 km. Alle klasser.
Begge dagane med start kl. 18.00 frå Dølehall.

Påmelding til Aslak Homdal, tlf. 975 26 732, eller påmelding på plassen inn til 30 min. før start.

Velkomne skal dykk vere.

Fjorden Rundt


Sundag 20. august blei sykkelløpet Fjorden Rundt arrangert i regi av Vegårshei IL. Dette er eit løp over 58 km for lang løype deltakrane, og 34 km for aldersbestemte klasser og trim. Løypa er på asfalt med unnatak av eit strekk over 10 – 15 min.. Det gjekk rykte om at grus strekket var stygt, men det viste seg å vere feil. Vegen, været, ja heile arrangementet var fint. Ikkje nok med at deltakarane blei servert eit fint arrangement, dei fekk også servert gode ting å drikke og ete på etter løpet. DIL stilte med 7 deltakarar. Simen stilte i 12-13 års klassa, Sindre Baas, Eivind Baas, Bjørn Notto Eppeland, Terje Føreland, Ola Føreland og Mette Føreland stilte i lang løype. Alle gjorde det bra, men best gjorde Sindre det med ei 3. plass i lang løype. Spesielt moro var det at DIL stilte med to debutantar i dette sykkelløpet. Ola og Mette Føreland stilte for fyrste gong i Fjorden Rundt, men heilt sikkert ikkje siste.
Resultat Fjorden Rundt 2017
Fortsett å lese «Fjorden Rundt»

Sommerløpet 2017

Etter ei lang veke på is, og masse god trening, deltok Vilde, Sindre, Emily og Odin på Sommerløpet i Vikingskipet, Hamar. Litt uvant å gå løp igjen, men moro var å starte på is igjen. Nå venter ein periode med trening på barmark igjen før skøytesesongen startar i november.
Resultater: Sommerløpet 2017

Klubbmeisterskapet på sykkel

  

Laurdag 22.7 blei klubbmeisterskapet på sykkel arrangert. I årets utgåve stilte 22 syklister til start. Som vanleg blei det ein hard kamp om fyrsteplassen, men i årets innspurt var det Sindre som trakk det lengste strået med fjorårsvinnar Simen Spieler Nilsen på andre. Av jentene så var det den nederlandske skøyteløperen Natasha Roest som stakk av med seieren føre Vilde. Etter løpet fekk alle god grillmat laga av Elisabeth, Bjørg Helena og Nadia. Takk til alle som stilte til start, og ein stor takk til folka bak arrangementet. Sjå DIL si facebook side for meir bilete.

Resultater: Klubbmesterskap fellesstart

Fortsett å lese «Klubbmeisterskapet på sykkel»