Åpent klubbløp skøyter

Tysdag 20.2 kl. 18.00 arrangerer vi skøyteløp for alle klasser.
Distanser: 100,\og 500 m, og valgfri andre distanse (max 3000 m).
Påmelding til Aslak Homdal (975 26 732) eller her på FB innan måndag kl. 20.00.
Det vil vere anledning til etteranmelding inntil 30 min. før start, men ser helst at påmeldinga skjer innan måndag.
Håper mange tek seg tid til ein tur på isen.
Del gjerne.

LM 2018

Årets LM på skøyter gjekk av stabelen på Valle Hovin denne helga. Emily stilte til start i 12 års klassa. Emily gjorde det bra og gjekk ned mot sine bestetider utendørs. På fellesstarten på fredag gjekk ho inn til 3. plass. Eit godt gjennomført meisterskap.
Tider og plassering:
Fellesstart: 3. pl.
500 m: 52,93 (5. pl.)
1000 m: 1.57,89 (5. pl.)
1500 m: 2.59,98 (7. pl.)

Medlemskontingent

Då er det tid for medlemskontingent. I år som ifjor vil vi gjerne at dei som ønsker å vere/bli medlem av Dølemo IL gjer dette med å bruke «Min Idrett». Logg inn på https://minidrett.nif.no/ å betal fakturaen som ligger i handlekurven, eller opprett bruker og med det send forespørsel om  bli medlem, og det vil komme en faktura i handlekurven.
Velkomen som medlem.

NC 6 og Vikingløpet

   

3. og 4. februar blei NC 6 (Bergen) og Vikingløpet (Tønsberg) arrangert.
Sindre deltok i Bergen der han gjekk 500/1000 m på laurdag og 1500/5000 på søndag. Han vant juniorklassa på 1000, 1500 og 5000 m. På 500 m endte han på ein 3. plass.
Emily var i Tønsberg der ho gjekk distansane 500/500 på laurdag og 500/1000 m på søndag. Ho fekk ein dårlig start på Vikingløpet. På sin fyrste 500 m datt ho i starten, og fekk med det spolert løpet sitt. På dei to andre 500 m fekk ho 5. og 6. pl. På 1000 endte ho på ein 10 pl.
Odin var også i Tønsberg der han deltok i rekrutt klassa, og gjennomførte to fine løp.
Resultater:
Vikingløpet
NC 6

Medlemskontingent

Det er tid for å betale medlemskontingent. Vi har ein ambisjon om at alle medlemmane i DIL skal registrere seg sjølv og betale på MinIdrett. Dette er Norges idrettsforbund si utgåve av elektronisk medlemsregister, noe alle idrettslag er pålagt å ha. Det er også mogleg å betale kontingenten ved å sende meg ein mail (eivind.baas@amli.kommune.no) og få tilsendt ein faktura, eller skrive seg på ei liste på Dølemo nærmat. Viss du trenger hjelp til å registrere deg på MinIdrett, så ta kontakt via mail eller telefon (950 27 405)

KM skøyter, Notodden

Laurdag 27.1 blei det arrangert KM på skøyter i på Notodden. Dette var fyrste gong det blei arrangert skøyteløp sidan 2004. Skøytegruppa i Snøgg haddde gjort ein kjempejobb med isen, slik at forholda var fine for løparane. Derfor var det synd at ikkje fleire stilte til start, men dei som stilte hadde ein kjempefin dag. Dølemo stilte med 6 utøvarar, og alle fullførte løpa sine på ein fin måte. Etter stevnet hadde gruppa ein felles middag før avreise heim igjen, der dagens hendingar blei analysert i detalj. Takk til skøytegruppa i Snøgg for eit flott arrangement.
Resultater: Resultatliste – KM – 2018 – Notoodden

NM allround, senior

Sindre deltok i senior NM allround på skøyter denne helga, 13.-14. januar. Det endte med 6. pl. sammenlagt etter serien;
39,11 – 7.33,49 – 2.01,21 – 15.45,24 (10 000m debut).
Takk til Jevnaker if skøyter for eit fantastisk fint arrangement.

Ny jakke

Dølemo IL skal gå til innkjøp av nye vinterjakker. Modellen vi går for er twentyfour Vail dunjakke, svart.
Sponsorene er Hillestad, Baas Entrepenør AS, Sparebanken Sør, Mezina og Snarkjøp. Dølemomarknaden vil også få en logo på jakken, samt at Dølemo Idrettslag vil stå på ryggen.
Jakken er i følgende størrelser:
Herre str S-M-L-XL-XXL-XXXL
Dame 34-36-38-40-42-44-46
Junior 116cm(6år) – 128cm(8år) – 140(10år) – 152cm(12år – 164cm(14år).
Prisen er 500 kr (uansett størrelse).
Jakken kan prøves i et lite utvalg av dame og herre størrelser på Dølemo Snarkjøp i uke 2 og 3.
Lurer du på noe så ta kontakt Elisabeth Espebu 47677918.
Bestilling blir gjort på butikken, eller ved å kontakte Elisabeth.