
Åpent klubbløp i Arendal

Sindre er tatt ut til jun. VM allround i Salt Lake City 9. – 11. mars.
Avreise for Sindre blir 28.2. Dølemo IL ønsker han lykke til.
NM junior allround på skøyter er over. Det endte til slutt med bronse til Sindre med serien:
500 m: 39,10
1500 m: 1.58,01
3000 m: 4.19,64
5000 m: 7.18,42
Dølemo IL gratulerer!
Resultater: Asker skøyteklubb
Då er det tid for medlemskontingent. I år som ifjor vil vi gjerne at dei som ønsker å vere/bli medlem av Dølemo IL gjer dette med å bruke «Min Idrett». Logg inn på https://minidrett.nif.no/ å betal fakturaen som ligger i handlekurven, eller opprett bruker og med det send forespørsel om bli medlem, og det vil komme en faktura i handlekurven.
Velkomen som medlem.
3. og 4. februar blei NC 6 (Bergen) og Vikingløpet (Tønsberg) arrangert.
Sindre deltok i Bergen der han gjekk 500/1000 m på laurdag og 1500/5000 på søndag. Han vant juniorklassa på 1000, 1500 og 5000 m. På 500 m endte han på ein 3. plass.
Emily var i Tønsberg der ho gjekk distansane 500/500 på laurdag og 500/1000 m på søndag. Ho fekk ein dårlig start på Vikingløpet. På sin fyrste 500 m datt ho i starten, og fekk med det spolert løpet sitt. På dei to andre 500 m fekk ho 5. og 6. pl. På 1000 endte ho på ein 10 pl.
Odin var også i Tønsberg der han deltok i rekrutt klassa, og gjennomførte to fine løp.
Resultater:
Vikingløpet
NC 6
Det er tid for å betale medlemskontingent. Vi har ein ambisjon om at alle medlemmane i DIL skal registrere seg sjølv og betale på MinIdrett. Dette er Norges idrettsforbund si utgåve av elektronisk medlemsregister, noe alle idrettslag er pålagt å ha. Det er også mogleg å betale kontingenten ved å sende meg ein mail (eivind.baas@amli.kommune.no) og få tilsendt ein faktura, eller skrive seg på ei liste på Dølemo nærmat. Viss du trenger hjelp til å registrere deg på MinIdrett, så ta kontakt via mail eller telefon (950 27 405)
Torsdag 1.2 kl. 18.00 er det treningsløp på Arendal kunstisbane. Valgfrie distanser fra 100 til 3000m. Påmelding på Arendal skøiteklub sin facebookside, eller på liste i kaféen innen 30 min. før start.
Håper flest mulig starter.
Laurdag 27.1 blei det arrangert KM på skøyter i på Notodden. Dette var fyrste gong det blei arrangert skøyteløp sidan 2004. Skøytegruppa i Snøgg haddde gjort ein kjempejobb med isen, slik at forholda var fine for løparane. Derfor var det synd at ikkje fleire stilte til start, men dei som stilte hadde ein kjempefin dag. Dølemo stilte med 6 utøvarar, og alle fullførte løpa sine på ein fin måte. Etter stevnet hadde gruppa ein felles middag før avreise heim igjen, der dagens hendingar blei analysert i detalj. Takk til skøytegruppa i Snøgg for eit flott arrangement.
Resultater: Resultatliste – KM – 2018 – Notoodden
Det blir arrangert aktivitetsleiarkurs i barneidrett 26. oog 27. januar. Interesserte kan ta kontakt med Eivind Baas.
Sjå meir info. her: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/aust-agder-idrettskrets/kalender/aktivitetslederkurs-barneidrett-iveland/
Sindre deltok i senior NM allround på skøyter denne helga, 13.-14. januar. Det endte med 6. pl. sammenlagt etter serien;
39,11 – 7.33,49 – 2.01,21 – 15.45,24 (10 000m debut).
Takk til Jevnaker if skøyter for eit fantastisk fint arrangement.
Dølemo IL skal gå til innkjøp av nye vinterjakker. Modellen vi går for er twentyfour Vail dunjakke, svart.
Sponsorene er Hillestad, Baas Entrepenør AS, Sparebanken Sør, Mezina og Snarkjøp. Dølemomarknaden vil også få en logo på jakken, samt at Dølemo Idrettslag vil stå på ryggen.
Jakken er i følgende størrelser:
Herre str S-M-L-XL-XXL-XXXL
Dame 34-36-38-40-42-44-46
Junior 116cm(6år) – 128cm(8år) – 140(10år) – 152cm(12år – 164cm(14år).
Prisen er 500 kr (uansett størrelse).
Jakken kan prøves i et lite utvalg av dame og herre størrelser på Dølemo Snarkjøp i uke 2 og 3.
Lurer du på noe så ta kontakt Elisabeth Espebu 47677918.
Bestilling blir gjort på butikken, eller ved å kontakte Elisabeth.
Torsdag 11.01 er det klubbløp.
Påmeldingsliste blir hengt opp i kafeen.
Distanser blir 500m – 100m – 1000m – 1500m. Ønsker noen å gå 3000m så får vi til det.
Start kl. 18:15.
Du kan også melde deg på i kommentarfeltet på ASK sin facebook side: https://nb-no.facebook.com/arendal.sk/
Påmelding innen kl. 17:30 torsdag.
Dølemo IL ønsker alle eit
GODT NYTTÅR !
Då er Nyttårsløpet 2017 over. Det har vore mykje arbeid og ein del usikkerhet med tanke på været. Men heldigvis gjekk det greit, og løpet blei gjennomført etter planen. I overkant av 30 stk. stilte til start, noe som er bra med tanke på usikkerheten rundt gjennomføringa av arr.. Vi hadde deltakarar langvegs frå, små ungar i løp for fyrste gong, unge og gamle, aktive og mosjonistar som konkurrerte sammen. Det er dette som gjør det verdt på arrangere. I tillegg var det litt snø i lufta og 2-3 minusgrader som laga ei fin ramme rundt løpet.
Takk til deltakarar, funksjonærar og tilskodarar.
Resultater: Nyttårsløpet Dølemo 30.12 2017