Kragerørittet

Laurdag 24.6 blei Kragerørittet arrangert i godt solskinn men med ein del motvind. For Dølemo IL stilte Sindre, Terje, Eivind og Jon D. Vehus til start. Det blei ingen umiddelebar suksess. Terje punkterte rett før start og måtte bruke reservehjulet. Etter ca. 5 km punkterte Sindre. Terje ga hjulet sitt til Sindre, men då var alt toget gått. Eivind og Jon hadde ein litt tung dag og kom i mål 15 – 20 min. bak vinnaren.  Me får sjå om det går betre neste gong. Neste løp blir tempoen 26. juni og klubbmeisterskapet 7. juli.

Resultater treningstempo sykkel


På biletet ser vi Jonas som sykla 10 km
Nok ein treningstempo er unnagjort. Været var ikkje heilt på lag. Litt regn og vind samt 12 – 13 grader var været som møtte deltakarane denne gongen. Men det såg ikkje ut til å legge noen demper på innsatsen.
Neste treningstempo blir tysdag 26. juni kl. 18.00.
Resultater: Tempo 2018

Treningstempo

Torsdag 14.6 kl. 18.00 blir det arrangert ny treningstempo på sykkel med start frå Dølehall.
Alle aldersklasser.
Dist.: 5, 10 og 20 km.
Påmelding til Aslak Homdal på sms: 975 26 732 eller
mail: aslak.homdal@vabb.no innan onsdag 13.6 kl. 20.00.

Byglandsfjord Rundt

I eit utruleg fint vær blei Byglandsfjord Rundt arrangert. Dette er eit turritt over ca. 85 km. 5 syklistar stilte for Dølemo i dette tradisjonsrike turrittet. Best blei Sindre som kom i mål rundt 5. plass. Etter målgang blei det servert pølser, brus saft, brus, kake m.m. Altså nok å ete og drikke etter løpet.
Takk til sykkelgruppa i Otra IL for eit godt gjennomført arrangement.
http://live.eqtiming.com/43086#result:159129-0-0-1-1-

Skoda cup


Elise, Jonas og Odin på pallen i rekruttklassa

Litt seint, men på tysdag 15. mai var ein gjeng frå DIL ned på Skoda Cup på Skan Traf banen i Sørlandsparken. Dette er eit rundbaneritt der alle startar saman, og ei og ei klasse gjer seg ferdig. Seniorane avslutter løpet. For kvar runde er det spurtpoeng å hente for kvar av klassene. Dølemo stilte med 4 ungar og to vaksne. Odin, Jonas, Elise og Emily stilte i aldersbestemte klasser, Eivind i master og Sindre i Senior. Det var eit utruleg flott vær, og mykje fin sykling. Neste løp i Skoda Cup er 29. mai. Håper at mange stiller opp då også.
http://kckweb.wpengine.com/kck-ritt/skodacup/

Skoda cup


Onsdag 2. mai var Emily, Odin og Elise avgårde og sykle løp på glattkøyringsbanen i Sørlandparken. Alle tre kom trygt i mål i sitt første ritt for sesongen. Det var ein glad trio som blei tatt bilete av etter løpet.
God innsats.

Sykkelsamling

Laurdag 28.4 til 1.5 arrangerte DIL sykkelsamling. Biletet er frå avreisa hos Jon Skarli, som var sjef på samlinga. Vi var også i år heldige å få besøk av deler av skøytelandslaget. Håvard Bøkko, Sverre Lunde Pedersen, Allan Dahl Johannson og Siemen Spieler Nislsen var med på å sette farge på samlinga.
På desse fire dagane blei det sykla rundt 55 mil i fine omgivelser i området rundt Lyngdal. Været var bra, bortsett frå siste dagen då gjengen fekk fuktig vær med grader ned mot eit par pluss på det kaldaste. Men alt i alt ei fin gjennomkøyring før sesongstart for sykkelfolket, og for ein god start på sesongførebuingane til skøytefolket.
Takk til Jon Skarli som stod for sykkelsamlinga, og som køyrde følgebil kvar meter som blei sykla.

 

Treningstempo

Torsdag 25.4 arrangerte Dølemo IL sitt fyrste sykkelløp for året. Med rundt 10 grader og litt vind, var ikkje forholda optimale, men likevel møtte opp imot 30 stk. til start for å sjekke om vinterens/vårens trening hadde gitt resultater. Takk til alle for ein fin ettermiddag/kveld på sykkelen.

Resultater: Tempo 25.4 2018

Treningstempo

Torsdag 26.4 kl. 18.00 arrangerer Dølemo IL sesongens fyrste tempoløp.
Alle aldersklasser.
Distanser: 5, 10 og 20 km.
Påmelding innan onsdag 25.4 til
Aslak Homdal på sms 975 26 732 eller
mail; aslak.homdal@vabb.no

 

Tur til badeland

Laurdag 25. mars reiste ein buss med ungar og vaksne på tur til Skien badepark. Dette er ein tur som Dølemo IL arrangerer årlig, og som laget sponsar. I år var det ca. 35 som reiste på tur. Avreise var ca. 10.00 med heimkomst ca. 18.00. Med ein dag fylt med bading og pizza til lunsj, var det ein sliten, men fornøgd gjeng som kom heim igjen.
Dølemo IL takkar for ein fin tur, og håper vi kan gjenta den neste år.

Gratulerer!

I helga fekk Dølemo IL sin fyrste Norgesmester. Sindre gjekk heilt til topps i sprint NM på skøyter. Stort både for Sindre og klubben.

Rekordløpet

Rekordløpet blei arrangert 10. og 11. mars i Stavanger. Dette var  det siste skøyteløpet for aldersbetemte denne sesongen. Emily deltok denne helga, og gjorde sine saker bra. Eit varsel om at ho skulle bryte 50 sekunds grensa i løpet av denne sesongen kom då ho gjekk inn til ny pers. på siste klubbløpet på Dølemo 6. mars. Her presterte ho 50,80 på 500 m og 1.52,20 på 1000 m. I Rekordløpet blei sesongens store mål nådd. Her gjekk ho 49,07 og 1.46,o5. Dette resulterte i henholdsvis 1. pl. på 500 m og 2. pl. på 1000 m, og 4. plass på 500 m og 1000 m på landsstatistikken i klasse YA.
Med bakgrunn i mellom anna denne prestasjonen blei Emily tildelt stipend på årsmøte til Dølemo IL for å stimulere til vidare satsing.
Dølemo IL gratulerar med ein god sesong.