Laurdag 27.1 blei det arrangert KM på skøyter i på Notodden. Dette var fyrste gong det blei arrangert skøyteløp sidan 2004. Skøytegruppa i Snøgg haddde gjort ein kjempejobb med isen, slik at forholda var fine for løparane. Derfor var det synd at ikkje fleire stilte til start, men dei som stilte hadde ein kjempefin dag. Dølemo stilte med 6 utøvarar, og alle fullførte løpa sine på ein fin måte. Etter stevnet hadde gruppa ein felles middag før avreise heim igjen, der dagens hendingar blei analysert i detalj. Takk til skøytegruppa i Snøgg for eit flott arrangement.
Resultater: Resultatliste – KM – 2018 – Notoodden