Sundag 20. august blei sykkelløpet Fjorden Rundt arrangert i regi av Vegårshei IL. Dette er eit løp over 58 km for lang løype deltakrane, og 34 km for aldersbestemte klasser og trim. Løypa er på asfalt med unnatak av eit strekk over 10 – 15 min.. Det gjekk rykte om at grus strekket var stygt, men det viste seg å vere feil. Vegen, været, ja heile arrangementet var fint. Ikkje nok med at deltakarane blei servert eit fint arrangement, dei fekk også servert gode ting å drikke og ete på etter løpet. DIL stilte med 7 deltakarar. Simen stilte i 12-13 års klassa, Sindre Baas, Eivind Baas, Bjørn Notto Eppeland, Terje Føreland, Ola Føreland og Mette Føreland stilte i lang løype. Alle gjorde det bra, men best gjorde Sindre det med ei 3. plass i lang løype. Spesielt moro var det at DIL stilte med to debutantar i dette sykkelløpet. Ola og Mette Føreland stilte for fyrste gong i Fjorden Rundt, men heilt sikkert ikkje siste.
Resultat Fjorden Rundt 2017
Trykk på bilete for ei større utgåve.