Denne helga var det god aktivitet på skøytefronten. I Arendal blei Grødumløpet/KM arrangert, og NM sprint blei arrangert i Hamar. I Arendal deltok 5 stk. frå klubben. Alle gjorde det bra, og noen fekk til og med bilete av seg sjølv på på heimesider og i Agderposten. Får å lese meir om dette løpet kan dykk sjå http://www.arendal-sk.no/
Sindre og Vilde var til Hamar og deltok i NM sprint. Det blei ei helg med både oppturar og nedturar. Vilde gjorde 3 gode løp, men fekk det ikkje heilt til på sin andre distanse (1000 m). Her la ho igjen litt for mykje tid og endte til slutt på ein 13. plass sammenlagt. Sindre hadde litt tekniske problem med den eine skøyta på første distanse (500 m), og før siste distanse blei løpet avbrutt når Sindre sitt par stod klar, fordi begge løparane i paret føre falt og den eine endte opp med ein så stygg skade at han måtte bli henta av ambulanse, og løpet utsatt i ein time. Han endte likevel til slutt opp med pers. rekordar og ein 5. plass sammenlagt. Resultater og bilder finn du her; http://hilskoyter.no/