Sesongstart på skøyter

Då er skøytesesongen i gang for fullt. Fram til nå har det vore trening og testløp. Det har vore ein litt vanskeleg inngang på sesongen med tanke på at innandørshallane i Stavanger og Hamar som har vore stengt fram til nå på grunn av reparasjonar. Dette har for Sindre sin del, og andre med han, ført til mindre is, og for Vilde, som har vore med landslaget, ført til mykje reising.
NM 28. og 29. 10: Denne sesongen blei NM arrangert i Bjugn. Dølemo stilte med Sindre og Vilde. Sindre måtte stå over på grunn av rygg problem som dukka opp litt over ei veke før NM helga. Vilde starta med 2×500 m på laurdag. Gjekk ikkje heil optimalt, men endte opp med ein god 4. plass, 2 tidel bak 3. plassen etter 2 stk. 500 m. 1000 m endte med 8. plass.
NC2 4. og 5.11: Helga etter var det tid for NC 2 i Stavanger. Her sette Vilde pers på 500 m med 40.62 og kapra med det den fyrste NC seieren til DIL. På 1000 m fekk ho 5. pl. med tida 1.22,98. Vilde blei med dette uttatt til WC for neo senior i Baselga de Pine og Collalbo. Sindre starta på 500 og 1000 m. Ennå kjenning med ryggen, men gjennomførte to ok løp på årsbeste med 37,33 (4. pl.) og 1.13,66 (8. pl.).
Flikkerud løpet 11. og 12.11: Her starta Sindre og Jonas. Sindre gjorde nye framskritt med å gå 500 m på årsbeste med 37,15 (1. pl.) og 1000 m på 1.13.73. Jonas gjekk også ein god 500 m på tida 45,23 (2. pl. i klassa si) som er ny personlig rekord. Det blei pers. på 1000 m også med tida 1.35,26.
Resultater ligger på; https://speedskatingresults.com/