Skøytesesongen er i gang

Start 500m NC 2 (Foto: EF Sportsfoto)

Skøyte sesongen er igang allerede, og DIL har hatt to løpere i aksjon. Sindre og Vilde Baas var med i NM enkeltdistanser, 28 – 30.10 og NC 2, 5. – 6.11. Begge arrangementet var i Vikingskipet. Vilde gjorde eit bra NM med ein 4. plass samanlagt på 2x500m, 31 hundredeler frå bronsa. Sindre hadde verken kropp eller utstyr med på lag, så han fekk dessverre ikkje til dei prestasjonane han ønska. I NC 2 gjekk det litt betre for begge. Vilde sette ny pers. på 500m gått i Norge med 41,15 og årsbeste på 1000m med 1.23,78. Sindre fekk det til betre enn i NM og begynner å få orden på kropp og utstyr. Neste løp blir NC 3, 19. og 20. november.

Resultater NM enkeltdistanser: https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=25681
Resultater NC 2: https://speedskatingresults.com/index.php?p=2&e=25694