Skøyteløp

Søndag 17.1 fekk Dølemo IL endelig arrangert skøyteløp på Dølemo skøytebane. Vi må tilbake til januar 2019 for sist skøyteløp på banen. I rundt minus 5, litt snø i lufta og ingen vind, blei ikkje forholda så verst. Rundt 30 stk. i alderen 4 – 70 år stilte til start. Spesielt moro var det at så mange yngre stilte. Banen fekk også to nye banerekordar. Pål Myhren Kristensen gjekk inn til ny banerekord på 37,44 på 500 m, og Sindre Baas 1.14,82 på 1000 m. Av jentene så var det Vilde Baas som presterte best med 44,44 på 500 m. Håper dette var med på å inspirere dei yngre til å bruke skøytene endå meir.
Takk til alle som deltok og som hjalp til med å arrangere.

  • Øystein Grødum
    Øystein Grødum
  • Thea, Gro Anita, Ane og Nadia
    Thea, Gro Anita, Ane og Nadia
  • Terje Føreland
    Terje Føreland
  • Sindre og Vilde
    Sindre og Vilde
  • Sindre og Pål Myhren Kristensen
    Sindre og Pål Myhren Kristensen
  • Start
    Start
  • Vekslingssida
    Vekslingssida
  • Aslak og Ann Karla
    Aslak og Ann Karla
  • Tom Helge
    Tom Helge
  • Eivind
    Eivind
  • Mål skøytebanen
    Mål skøytebanen
  • Eit knippe rekruttar
    Eit knippe rekruttar
  • Tid til leik også
    Tid til leik også