Nyttårsløpet 2019

På grunn av forholdsvis mild vinter blei Nyttårsløpet på skøyter flytta til Arendal kunstisbane. Med opphold, eit par pluss i lufta og litt vind i flagget blei det ein fin dag for skøyter. Mange nye årsbeste og personlige rekordar såg dagens lys i løpet av dagen. Arrangementet blei losa trygt i havn av speaker Aslak Homdal med hjelp av gode funksjonærar.
I pausa kom der også ei hyggelig overrasking frå Gjensidigestiftelsen. Det viste seg at søknaden frå DIL på økonomisk støtte blei innvilga i sin heilhet. Dermed fekk laget ca. 217 000 kr. som skal brukast til utstyr som gjør det betre for brukarane til DIL. Takk for støtten.

Resultater frå løpet finn dykk her:

Utdeling av midler frå Gjensidigestiftelsen v/Erik Fløystad.
Ein stor takk frå oss i Dølemo idrettslag.