Klubbmeisterskap på sykkel

På, til nå, varmaste dagen i sommer blei klubbmeisterskapet på sykkel arrangert. Igjen så blei det ein dag fylt med fart og spenning. KM blei innleda med ein prolog som skulle vise seg å bli veldig jamn. Sindre Baas og Peder Kongshaug delte til slutt seieren på tida 2.17 min.. Dette var 1 sekund bak løyperekorden. Av jentene var det Vilde Baas som var raskast med Thea Baas på ein fin andreplass. Prologen er kun 1.3 km lang, men den koster likevel mykje med tanke på all syra ein opparbeider seg. Ca. 1 time etter sistemann var i mål på prologen, gjekk starten på 3,8 mil fellesstart. Her blei det som forventa litt luresykling undervegs. Mykje rykk og napp sykling. Teten utkrystaliserte seg etter Lauvrak. I bakken opp frå Lauvrak blei det ei luke til Thomas H. Søfteland. Kun Sindre greide å tette luka, og dermed var det duka for eit oppgjer dei imellom. Sindre viste seg å vere sterkast på slutten, og blei årets klubbmeister 2019. Vilde og Thea sykla saman i ei gruppe på fire. Dei kom inn ca. 20 min. bak teten. Ein kjempeinnsats av alle på ein varm og god dag.
Etter løpet blei det mat og drikke, som Elisabeth Espebu, Mette Føreland, Jonas Baas, Nadia Baas og Solveig Føreland hadde stelt i stand. Desse stod også for oppryddinga etterpå. Takk også til Aslak Homdal, Trond Kristensen, Erik, Sigmund Sandhaug og Jon Skarli for gjennomføring av sjølve konkurransen.
Velkomen igjen neste sommer!
Resultater og statistikk: