Sykkelløp

Sidan sist så har idrettslaget hatt deltaking i 3 sykkelløp.
12. mai blei Herefoss rundt arrangert. Her stilte Dølemo med 8 stk. Dette er eit ca. 14 mil langt tur ritt. Her kom det seg avgårde eit tidlig brudd på tolv mann. Her satt Sindre og Simen med. Men opp med Eikely greide to mann og stikke frå. Dei som då var igjen av bruddgruppa greide ikkje å ta dei igjen. Sindre kom nærmast og blei nr. 3 ca. halvminuttet etter.
Onsdag 15. mai blei 2. løp i Volkswagen cup arrangert. Her stilte Dølemo med 5 stk. Dei 2 yngre løparane, Emily og Elise, viste at dei hadde trent sidan sist, og Sindre tok seieren i raskaste gruppa. Bra av DIL.
Torsdag 16. mai blei den fyrste treningstempoen på sykkel i regi av DIL arrangert. I flott forsommer vær møtte 22 stk. opp for å prøve seg. Igjen, moro at så pass mange unge er med. Som vanleg blei det gitt alt, noe som gjør godt for kropp og sjel. Best tid på 1 mil fekk Sindre med 13.33 min. og på 2 mil sykla Bjørn Notto fortast med 28.12 min..