Sykkel

Det har vore litt aktivitet sidan sist. Wolksvagen cup på skantraf banen på sørlandssenteret var Dølemo IL representert med 7 stk.. Spesielt moro var det at dei unge var med. Thea Baas, Jonas Baas, Elise Johnsen og Emily Plozicki representerte den unge garden, og gjorde ein kjempefin innsats. Moro.

Turrittet Baglerrunden blei arrangert 9. mai. Dette er eit turritt som blir arrangert i området rundt Tønsberg. Her stilte Dølemo med ein mann, Terje Føreland. Han gjorde sine saker bra med å komme inn med hovudfeltet ca. 7 min. bak vinnaren.