KM skøyter

I helga så blei KM på skøyter avvikla på Skien kunstisbane. 4 stk. stilte for Dølemo IL. Eit relativt kraftig regnvær og plussgrader gjorde det vanskelig, men arrangøren gjorde det dei kunne slik at løpa kunne gå som planlagt. John Nordby stilte til start i M55. Emily blei kretsmester i jenter jun. C. Ho stilte også til start på 3000 m fellestart. Her gjekk ho mot to andre vaksne løparar. Ho blei til slutt nr. 3, men vant gavekortet. Even og Odin deltok i rekrutt klassa, og gjennomførte løpa sine på ein god måte. Alle var fornøgd med medaljene etter løpa.