Idrettsgalla og skøyteløp

Litt har skjedd denne helga som Dølemo IL har vore involvert i. Først Sondre Skarli som var nominert til årets trenar på årets idrettsgalla. Han nådde ikkje heilt opp, men for Dølemo IL vil han likevel vere årets trenar. Gratulerer med nominasjon. Vel fortent.

Det har også vore løparar i aksjon. I Hamar var det Hamarlekene, eit skøyteløp for 17 åringar og yngre. Her stilte DIL med 3 løparar. Emily, Odin og Even. Emily sette nye fine pers. rekordar på 500 m (47,67), og 1000 m (1.40,48) og 1500 m (2.37,54). Even og Odin starta i rekruttklassa og gjekk 3 spennande løp kvar.

I Stavanger var det NC på skøyter. Her var Sindre og Vilde. Vilde gjekk årsbeste på 500 og 1000 m, så her er det stadig framgang. Sindre var uheldig igjen og blei sjuk i løpet av fredagen. Han prøvde seg på 500 og 1000 m på laurdag, men det var ikkje så mykje krutt i skøyteskoa. Får håpe han blir raskt frisk igjen.