Siste treningstempo 2018


Gjengen som starta for DIL. (Bjørn Notto Eppeland sykla 20 km og var ikkje kome i mål då biletet blei tatt. Odin Plozicki var heller ikkje tilstades)

Då var sykkelsesongen 2018 historie, i alle fall når det gjelder konkurranser i regi av DIL. Mange møtte, noko som er veldig hyggelig. Det var både litt kjølig og litt vind under løpet. Men likevel var innsatsen upåklagelig. Igjen var det mange sterke prestasjonar, både når det gjaldt tider og innsats. Spesielt moro er det at så pass mange unge møter opp.
Tempoane vi har arrangert er noko folk tydelegvis har sett pris på. Dette skyldast nok mellom anna den gjengen vi har som arrangerer desse løpa, og ikkje minst Aslak Homdal si nøyaktige resultat og statistikkføring. Det å ha nokon i laget som vil og kan arrangere er gull verdt. Moro å sjå om vi får til det samme innanfor skøyter til vinteren.
Tempo 2018
Bestetider tempo pr. 27.7.2018