Sommeris


Frå 27.7 til 12.8 var det sommeris i Vikingskipet. Perioden blei avslutta med løp 11.8. Sindre, Vilde, Emily og Odin var med på sommerisen. Vilde og Sindre var heile perioden og avslutta med løp laurdag 11.8. Emily og Odin var 4 dager, og måtte reise fredagen før løpsdag, men fekk nokre dagar med god øving på isen. Sindre og Vilde hadde fyrste veka med Region Sør og andre veka med satsingsgruppa for OL 2022. Vilde var sjuk fyrste veka, og delvis andre, men fekk nok is til å gjennomføre løp. Her blei det 45.04 på 500m og 1.33,02 på 1000m. Ikkje verst for ei som blei korsbånd operert i januar og som kjente godt til forkjølesen. Det er eit stykke igjen før ho er tilbake for fullt, men ho er på god veg. Sindre hadde ein god isperiode med mykje tid i skøytestilling. Dette bar løpet preg av. Det var to veldig slitne bein som gjennomførte 3000m. Han fekk tida 4.12,97. Teknisk bedre enn ifjor, men for sliten til å stå distansen. Var litt skuffa sjølv om han nok var klar over at det ville bli tungt å prestere.
Godt å vere igang igjen.