Sykkelsamling

Laurdag 28.4 til 1.5 arrangerte DIL sykkelsamling. Biletet er frå avreisa hos Jon Skarli, som var sjef på samlinga. Vi var også i år heldige å få besøk av deler av skøytelandslaget. Håvard Bøkko, Sverre Lunde Pedersen, Allan Dahl Johannson og Siemen Spieler Nislsen var med på å sette farge på samlinga.
På desse fire dagane blei det sykla rundt 55 mil i fine omgivelser i området rundt Lyngdal. Været var bra, bortsett frå siste dagen då gjengen fekk fuktig vær med grader ned mot eit par pluss på det kaldaste. Men alt i alt ei fin gjennomkøyring før sesongstart for sykkelfolket, og for ein god start på sesongførebuingane til skøytefolket.
Takk til Jon Skarli som stod for sykkelsamlinga, og som køyrde følgebil kvar meter som blei sykla.