Sesongavslutning

Då er sesongens siste skøyteløp unnagjort. Under gode forhold i Sør Marka arena blei Uego Rekordløpet avvikla 16. og 17. mars. Dølemo IL stilte med tre løparar. Sindre, Vilde og Emily stilte på distansane 500, 1000, 1500 og 3000 m. Det blei ei god avslutning på sesongen med mange fine personbeste (PB).
500 m 1000 m 1500 m 3000 m
Sindre: 37,11 (PB) – 1.12,30 (PB) – 1.52,00 (PB) – 4.00,44 (PB)
Vilde: 42,22 (PB) – 1.22,91 (PB) – 2.12,95 (PB) – 4.50,41 (PB)
Emily: 46,58 – 1.36,53 (PB) – 2.32,33 – 5.32,44 (PB)

Meir resultater finn du her: Uego Rekordløpet

Skøyteløp

Torsdag 28.2 blei det siste lokale skøytløpet arrangert i Arendal. Dølemo IL var representert med Jonas, Emily, Terje, Hedda og Eivind. Alle gjekk gode løp, og best gjorde Terje det, som persa igjen på 500 m med 47,63. Etter løpet fekk alle rekruttane medaljer som blei delt ut av OL vinnar Simen Spieler Nilsen. Takk til Arendal Skøiteklub for sesongens klubbløp.
Resultater: Kretsløp Arendal

Lørdag 2. og søndag 3. mars var Emily i Vikingskipet for å delta i Sandefjordsløpet. Dette er ei massemønstring for hurtigløp på skøyter. Sandefjordsløpet samla i år 362 utøvarar, og det blei satt over 700 personlige rekordar. Emily gjekk distansane 500 (46,88 PB), 1500 (2.34,37), 500 (46,41 PB) og 1000 (1.39,91). PB betyr person beste.
Med denne serien endte Emily på ein fin, fin 3. plass i klasse jenter junior C.
Resultater: Sandefjordsløpet

LM på skøyter

16. og 17. februar blei LM (landsmeisterskap) på skøyter arrangert i Stavanger, og DIL hadde med ein løpar i jenter klasse 13 år. Emily stilte til start på fellesstart, 500, 1000 og 1500 m. Spesielt bra gjorde ho det på 500 m. Her fekk ho ein 3. plass på tida 46,96, som også er ny pers. rekord på distansen. Fellesstarten, 1000 og 1500 m endte med 5. plass.
Stella Nilsen, frå naboklubben Arendal skøiteklub, fekk også ei bronse på 500 m samt tre fjerdeplasser på dei andre distansane. Gratulerer til begge.

Telenorkarusell

Tysdag 12. februar blei 1. renn i Telenorkarusellen, av i alt tre, arrangert i lysløypa på Dølemo. I rundt null grader og litt overskya vær var det 41 stk. som stilte til start. Det blei gått alt i frå ca. 200 m til ca. 4 km i fine løyper. Som vanlig var innsatsen upåklagelig, og denne gode innsatsen blei belønna med ein liten premie etter endt løp. Takk til Inga med medhjelparar som arrangerte skirennet.


KM skøyter

I helga så blei KM på skøyter avvikla på Skien kunstisbane. 4 stk. stilte for Dølemo IL. Eit relativt kraftig regnvær og plussgrader gjorde det vanskelig, men arrangøren gjorde det dei kunne slik at løpa kunne gå som planlagt. John Nordby stilte til start i M55. Emily blei kretsmester i jenter jun. C. Ho stilte også til start på 3000 m fellestart. Her gjekk ho mot to andre vaksne løparar. Ho blei til slutt nr. 3, men vant gavekortet. Even og Odin deltok i rekrutt klassa, og gjennomførte løpa sine på ein god måte. Alle var fornøgd med medaljene etter løpa.

Vikingløpet

26. og 27. januar blei Vikingløpet arrangert på Tønsberg kunstisbane. Dette er eit skøyteløp som fungerer som uttak til uoffisielt EM for ungdommer frå 12 til 16 år. Det er dei 3 beste i kvar aldersklasse som blir tatt ut. Emily stilte for Dølemo. Set åpna bra med pers. utandørs på 500 på 48,85. Det gjekk litt tyngre etterkvart, og etter 2x500m og 2x1000m endte det opp med ein 5. plass i jenter klasse 13 år. Ei god plassering.
Odin gjekk også løp i Tønsberg, og var av dei raskaste rekruttane på sine to løp.

Medlemskontingent

Då er det tid for medlemskontingent. I år som ifjor vil vi gjerne at dei som ønsker å vere/bli medlem av Dølemo IL gjer dette med å bruke «Min Idrett». Logg inn på https://minidrett.nif.no/ å betal fakturaen som ligger i handlekurven, eller opprett bruker og med det send forespørsel om  bli medlem, og det vil komme en faktura i handlekurven.
Får du/dere problemer med registrering, eller har spm., så ikkje nøl med å ta kontakt med Eivind Baas, leiar DIL.
Mob./sms: 950 27 405, eller Mail: e-baas@frisurf.no
Medlemskontingent, familie, 100 kr.
Medlemskontingent, person, 50 kr.
NB! Det vil også være mulig å bli medlem ved å registrere seg og betale på Dølemo snarkjøp.
Velkomen som medlem.

KM på skøyter

Kretsmesterskapet arrangeres i Skien lørdag 9.februar kl 16:00.
Vi oppfordrer løpere til å prioritere dette stevnet.
Se invitasjon her:

KM på skøyter 2019

Telemark og Agder Skøytekrets

Kunstisbanen ved Fritidsparken i Skien.

Lørdag 9. februar 2019 kl. 16.00

På vegne av Telemark og Agder skøytekrets har vi gleden av å invitere til KM på skøyter.

Distanser og klasser:

Rekrutt                                    100m og 400m           Deltakermedalje til alle

10 år                                       400m og 500m           Deltagermedalje til alle

11-12 år og Jr C                     500m og 1000m         1-3 premiering

Jr B-A Senior og Veteran       500m og 1500m         1-3 premiering

Felles start åpen klasse         3000m                        Premie til vinner og gavekort på trekning

Første start kl. 16.00

Påmelding innen        06.02.2019 til Roar Eriksen: roarer@online.no

Mobil:                          906 27 837

Husk å oppgi klubb og klasse

Velkommen til skøyteløp i Skien.


NM masters på skøyter

dav

I helga, 19, og 29. januar, blei NM på skøyter for veteraner arrangert i Vikingskipet. Her hadde Dølemo IL ein god veteran i klubbsammenheng på startstreken. John Nordby har i mange år vore aktiv som syklist, men var også aktiv på skøyter for noen år tilbake. Dei personlege rekordane til John må vi tilbake til 2003 og 2004 for å finne. I år har han gjort eit aldri så lite comeback på skøyter i løpssammenheng, og stilte like godt til start i NM masters. Her gjennomførte han fire fine løp, noe som resulterte i ein 10. plass i klasse M55. Tidene blei:
500m: 55,37
1500m: 2.44,25
3000m: 5.45,41
5000m: 9.50,53
Dette var både godkjent og moro. Håper vi får sjå John i fleire løp utover vinteren.

Nissedal Telenorkarusell

16.1 arrangerte Treungen idrettslag Telenorkarusell/Vestmarrenn på Gautefall. Løpet blei arrangert som fellesstart. Thea Baas representerte Dølemo IL. Dette var Thea sitt fyrste løp utanfor klubben, noe ho gjorde med glans. Moro at Dølemo IL blir representert i skirenn igjen.