Sommerløpet på skøyter

8. august blei årets sommerløp avvikla. Løpet blei prega av at det var corona restriksjonar, men løpa blei heldigvis livestreama slik at dei som ikkje fekk komme inn i Vikingskipet kunne sitte å følge med på livestreaminga. Sindre og Vilde Baas deltok for Dølemo IL. Både Sindre og Vilde har slitt med skader, så det var to spente løparar som stilte til start. Vilde har hatt to korsbåndsbrudd dei siste tre åra, og stilte til start for fyrste gong på 1 1/2 år. Litt reduserte løp blei det i og med usikkerheten rundt korleis kneet ville reagere. Men Vilde gjennomførte to ok løp. Det blei 43,48 og 2. plass på 500 m og 1.28,28 og 4. plass på 1000 m. Vilde var letta og godt fornøgd med starten på årets skøytesesong.
Sindre har hatt ein litt trøblete vår/sommer. Han kom ut av vintersesongen med skade i rygg og kne. Har hatt behandling og trening med tanke på skadene, og gjennomførte 14 dager med full trening på sommerisen uten å måtte stå over noe. Sindre stilte også på 500 og 1000, noe som blei litt «nytt» for han i og med at hurtigheitstrening ikkje har hatt noen prioritet i treningsarbeidet. Dette viste seg også i konkurransen. Delar av løpa var gode, men har litt igjen før det sydd saman til heile og gode løp. Men det kommer. Det blei 38,51 på 500 m og 6. pl. og 1.15,45 på 1000 m og 2. pl..
Alt i alt eit godt opphald og utbytte på årets sommaris.

Tempoløp

Lettskya vær og fin temperatur, men litt vind som skapte litt tunge forhold, var ramma rundt fellesferie tempoen som blei arrangert torsdag 23.7. Moro var det at så mange som 24 stk. tok seg tid til å ta turen til Dølemo for å delta på tempoen. Det var ikkje like gode forhold som sist tempo, men likevel blei det sykla mange bra tider.
Neste tempo satsar vi på at endå fleire vil prøve formen sin, prøve å perse, eller rett og slett trimme og ha det sosialt.

Tempoløp

23. juli frå kl. 18.00, blir det arrangert treningstempo med start frå Dølehall.
Distanser: 5, 10 og 20 km.
Klasser: Alle
Påmelding innan tysdag 21. juli til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller
mobil: 975 26 732

Klubbmeisterskap på sykkel

Årets klubbmeisterskap på sykkel er vel overstått. Det såg mørkt ut med tanke på vêret, men då klokka nærma seg start blei det opphald og fin temperatur. Som vanleg blei det arrangert prolog fyrst. Her var det litt vind imot, slik at tidene ikkje blei rekordraske. Raskast blant menn var Sindre Baas med tida 2.28 min. medan Vilde var raskast blant jentene med 3.09. Fellesstarten blei som vanleg fylt med fart, spenning og taktikkeri. Til slutt var det Oddbjørn Mellemstrand som kryssa mållinja fyrst med tida 56.29 min. Nr. 2 over mål blei Kim Forsberg, men som var fyrste DIL ryttar over målstreken og blei dermed klubbmeister for herrer. Blant damene blei det eit oppgjør mellom Vilde Baas og Ingvild Brattekleiv. Her trakk til slutt Ingvild det lengste strået, og kom fyrst i mål på tida 59.48 min. Vilde blei fyrste DIL ryttar i mål og blei derfor klubbmeister for damer. Den yngste som var med i år var Thea Baas (15 år) som fullførte på nye bestetider. Veldig bra innsats. Neste år må målet vere å få fleire yngre løparar på startstreken.
Etter løpa blei det servert grillmat og brus på alle. Dette hadde Elisabeth Espebu med hjelparar ordna med. Takk til dei, og til Aslak Homdal med hjelparar for eit prikkfritt arrangement.
Har lagt med litt resultater og statistikk som er utarbeidd av Aslak homdal.


Klubbmeisterskap

Det vil bli arrangert klubbmeisterskap på sykkel laurdag 4. juli med fyrste start frå Dølehall kl. 13.00.
Påmelding innan fredag 3. juli til Aslak Homdal,
mail: aslak.homdal@vabb.no eller mobil: 975 26 722.
Klubbmeisterskapet består av prolog Dølehall – Eppelandskrysset
(ca. 1,5 km), deretter fellesstart Mykland rundt (ca. 38 km). Bonussekund fellesstart 10-5-3-2-1 sekund til nr. 1 til 5.
Alle klasser (dei yngste sykler bare prologen)
Det vil bli litt å bite i etter løpet.
Håper mange stiller enten som utøvar eller som tilskodar.

Bilete frå fellesstarten i 2019

Den yngre garde er også velkomne.
Det blir noko å bite i for alle etterpå.

Forfølgelsesritt, Mykland Rundt.

Onsdag 24.6 blei årets utgåve av forfølgelsesrittet arrangert. Dette er eit forfølgelsesritt med differensierte starttider satt med utgangspunkt tid brukt på 10 km tempo. Med ei lengde på ca. 38 km og ei stigning på ca. 350, er det ei løype som krever sitt. Varmen og litt vind gjorde sitt til at løpet blei ein tung affære. Thea Baas var fyrst ut i løypa. Ho var med sine 15 år også den yngste som starta. Ho sykla bra, men det holdt ikkje heilt inn. På toppen av bakkane med Lauvrak blei ho tatt igjen av ei stor gruppe. I denne gruppa satt vinnaren Sindre Baas. Men det var mange som var med prega løpet i år, og Sindre fekk følge av fleire heilt til døra. Vel i mål fekk syklistane velfortjent kake og saft.
Takk til Aslak for organisering og tidtaking, Bjørg T. Baas for kake og Vetle Solberg og Bjørn G. Baas som følgebilar.



Birkenesrunden

Birkenesrunden blei det fyrste turrittet som blei avvikla etter korona nedstegninga. Som vanleg var det eit triveleg og vel gjennomført arrangement av Birkenes IL sykkelgr..
Dølemo IL stilte med 7 stk. på startstreken. Alle gjorde det bra, men må nemne spesielt Thea Baas, som for fyrste gong sykla eit turritt. Thea er for ung til å starte med tidtagning, og måtte derfor starte i trimklassa. Thea sjølv synast turen var fin og gleda seg allereie til neste løp. Sindre gjorde det best med å bli nr. 4 over mållinja i gr. 1 etter å spurta mot opptrekkstoga til Kristiansand CK og Gjerstad IL. Sindre sjølv var fornøgd med at kroppen responderte så pass bra etter ein redusert treningsperiode denne våren på grunn av skader. Mulig det må meir enn opptrekkstog til for å hindre han seier neste gong.
Takk til sykkelgr. i Birkenes IL for eit flott arrangement.
Resultater:
https://live.eqtiming.com/53104#result

Thea i aksjon.

Treningstempo

Godt å vere igang igjen.
Tysdag 7.5 starta vi opp igjen løpssesongen på sykkel med ein treningstempo. Tempoen blei arrangert etter dei retningslinjer som er gitt, noe som fungerte fint. Folk er flinke.
Moro var det at 20 stk. tok turen til Dølemo på så kort varsel.
Resultater:

Treningstempo

Då blir det åpna opp for arrangement f.o.m. 7. mai, innanfor dei retningslinjer som er gitt av FHI/regjeringa.Med bakgrunn i dette vil derfor DIL arrangere ein treningstempo. Det vil bli begrensning i antall deltakarar, det er derfor kun førehandspåmeldte som får starte.Vi setter ei grense på 30 deltakarar med tanke på at noen også er med å ser på.

Torsdag 7. mai blir det arrangert treningstempo på sykkel med start frå Dølehall (Dølemo). Distansene er 5, 10 og 20 km. Første start er
kl. 18.00.
Påmelding innen onsdag 6.5 kl. 20.00 til Aslak Homdal
(aslak.homdal@vabb.no) eller 975 26 732.