Under varierande forhold, blei årets åpne klubbmeisterskap arrangert laurdag 1. august. Det starta bra for det 16 stk. store feltet, med sol og vind i ryggen på den 1,5 km lange prologen. Dette endra seg til fellesstarten der temperaturen sank og starten gjekk i ein skikkeleg regnskur. Men det hindra ikkje feltet frå å sette stor fart frå start, noe som til slutt endte med ny løype rekord. Åsmund Sivertsen vant både prolog (2.15 min.) og fellesstart (54.05 min.). Den som kom nærmast frå Dølemo IL, og som dermed blei klubbmeister, var Jonas Baas med 2.37 på prologen og 54.05 på fellesstarten. I dameklassa var det Vilde Baas som vant med 2.47 min. på prologen og 1.05.00 t. på fellesstarten. På barneløpet stilte der dessverre bare to til start, men Leon og Anna H. Skarli sykla som om dei ikkje hadde gjort anna. Håper at vi kan få fleire yngre på startstreken ved seinare anledningar.
Etter løpa blei det hyggeleg samvær med mat og drikke til alle.
Ein stor takk til frivillige og deltakarar.































































