Sundag 22. januar blei det arrangert KM på skøyter på Skien isstadion. Emily, Vilde, Sindre og Tom Helge representerte DIL på ein god måte. Av desse reiste Sindre heim igjen som kretsmeister i si klasse. Resutatliste frå KM kan de lese med å følge denne linken: Resultatliste KM 2012.
Nå er skøytebanen merka. Igjen var det Aslak, Sigmund og Simon som trødde til og fekk merka banen. Det har vore vanskeleg å få merka banen i år på grunn av været. Men nå var det ein del kuldegrader i sikte, og då er ikkje denne gjengen seine til å sette igang. Det er fantastisk å ha slike folk i eit idrettslag, som tek eit tak for at me skal få ein moglegheit til å ha mykje og varierte aktivitetar. Dette gjer til at me kan arangere skøyteløp til tysdag (24.1) viss værgudane er med oss.
På grunn av lite snø i lysløypa blir aktivitetsdagen som skulle vore arrangert der sundag 22.1 kl. 13.00 flytta til Hillestad. Aktivitetsdagen startar kl. 13.00 og skirennet kl.15.00. Skirennet er for alle aldersgrupper.
Det blir servert pølser, og kaffe. saft .Vel møtt til ein triveleg og aktiv dag ute i det fri.
Tysdag 24.1 kl. 18.00 er det igjen tid for skøyteløp på Dølemo skøytebane. Alle aldersgrupper kan stille til start. Håper mange kan møtes til ein vennskapeleg og moro dyst denne kvelden.
Tysdag 10. startar me opp igjen med barnetrim for dei minste og trening for dei eldre. Tidspunkta er dei same som før; kl. 17.30 for dei minste og kl. 18.30 for dei eldre. Me startar opp på skøyteisen viss forholda tillet det. Dei minste har moglegheit til å vere på Dølehall.
Minner samtidig om aktivitetsleiarkurset som blir arrangert 19. og 21. jan. på Dølemo/Åmli. Allereie er det 7 stk. frå DIL som har meldt seg på. Dette er eit kurs som passar for alle som driv aktivitet med ungar.